Snøleopard

pattedyrart
Snøleopard
Snøleopard
Snøleopard
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av Snøleopard
Utbreiinga av Snøleopard
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Rovpattedyr Carnivora
Familie: Kattefamilien Felidae
Slekt: Store kattedyr Panthera
Art: Snøleopard P. uncia
Vitskapleg namn
Panthera uncia

Snøleopard (Panthera uncia eller Uncia uncia) er eit stort kattedyr som lever i høgfjellsområde i Sentral-Asia. Ein reknar med at det finst rundt 4000-6500 individ (tal frå 2003), og snøleopard er dermed rekna som truga av utrydding.

Snøleopard er nasjonaldyr for Afghanistan og nasjonalt arvedyr for Pakistan.

Snøleopard i Afghanistan.

SkildringEndra

Snøleoparden har gråkvit, tett pels med svarte eller brune flekkar. Han er 120-150 cm lang, og har ei etter måten lang hale i høve til kroppen. Vekta overstig sjeldan 75 kg. Han skil seg frå andre store kattedyr ved å ikkje kunne brøla og å eta byttet sitt i samankropen stilling.

LevevisEndra

Snøleopard lever i høgfjellet i Altaj, Tianshan, Kunlun, Pamir, Hindukush, Karakoram og Himalaya.

Leoparden er ein nattaktiv, einsleg jeger utanom i paringstida, då dei jaktar i par. Byttet består hovudsakleg av ulike fjellpattedyr som blåsau, sibirsteinbukk, ymse hjortar, smågnagarar og fuglar. Han tek også husdyr. Som hjå dei fleste andre kattedyr er jakta basert på sniking.

Paringstida finn stad på seinvinteren. Seint på våren vert så ungane fødde, som regel i kull på 2-4. Dei opnar augo etter halvannan veke, og lever i lag med mora det påfølgjande året.

TrugsmålEndra

IUCN reknar med at bestanden av snøleopard har gått ned med mindt 20 % over dei siste to generasjonane, rekna til 16 år. Snøleoparden er truga av habitat- og byttetap grunna auka husdyrhald i leveområda hans, jakt (krypskyting), særleg på grunn av pelsen, men også for å selja levande dyr til dyrehagar og private samlingar og for kroppsdelar til kinesisk medisin. Forfølging frå lokalbefolkningar og militærkonfliktar i store delar av leveområdet dannar også trugsmål mot dyra.

KjelderEndra

  • Verdens dyr, Cappelen 1985
  • Jackson, R., Mallon, D., McCarthy, T., Chundaway, R. A. & Habib, B. Panthera uncia (versjon 2013.2, 2008)

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Snøleopard