Ilmenitt FeTiO3 (titanjernstein) er eit mineral som ofte dannar metalliske, svarte korn i mange magmatiske bergartar. Det har same type struktur som hematitt, og desse har liknande utsjånad, men har svart strek. Mineralet er eit jern-titan-oksid. Dei analoge magnesium- og mangansambindingane er geikielitt MgTiO3 og pyrofanitt MnTiO3

Ilmenitt

Ilmenitt frå Miask i Ilmen, Tsjeljabinsk oblast i Ural i Russland. 4,5 x 4,3 x 1,5 cm
Generelt
Kategorioksydmineral
Kjemisk formeljerntitanoksid, FeTiO3
Strunz-klassifisering04.CB.05
Dana-klassifisering04.03.05.01
Identifikasjon
FargeJern-svart; grå med ein brunaktig farge i reflektert lys
KrystallformKornet til massiv og lamelforma avblanding i hematitt eller magnetitt
KrystallsystemTrigonal romboedrisk 3
Tvilling{0001} enkel, {1011} lamelforma
KløyvIngen; deling på {0001} og {1011}
Brotmuslig til undermuslig
Mohs hardleiksskala5–6
GlansMetallisk til undermetallisk
StrekfargeSvart
TransparensUgjennomsiktig
Spesifikk vekt4.70–4.79
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparEinaksa (–)
DobbeltbrytingSterk; O = bleikraud brun, E = mørk brun
Andre eigenskaparsvakt magnetisk
Kjelder[1][2]
Ilmenittbrot i Tellnes i Sokndal

Mineralet er vanleg og finst aksessorisk i mange forskjellige bergart. Noreg har dei største ilmenittreservane i Europa og er den største produsenten i verda i lag med Australia. Titania A/S bryt seks millionar tonn ilmenitt årleg i Egersundfeltet på Hauge i Dalane. Malmen vert vidareforedla til titanoksid ved Kronos Titan i Fredrikstad. I Odda kommune vart det oppretta eit ilmenittsmelteverk i Tyssedal etter eit stortingsvedtak i 1983. Drifta starta i 1986 og i 1988 vart verket overteke av Tinfos Jernverk.

Ilmenitt på månen endre

Ilmenitt er funne i månesteinar, og i 2005 brukte NASA Hubble Space Telescope for å lokalisere potensielt ilmenitt-rike lokasjonar. Mineralet vil kunne vere viktig for ein eventuell månebase fordi ilmenitt ville vere ei kjelde for jarn og titan for bygging av konstruksjonar og essensiell oksygenekstraksjon.

Kjelder endre

«ilmenitt» i Store norske leksikon, snl.no.