Aubergine

grønsakplantw
(Omdirigert frå Solanum melongena)

Aubergine, eggfrukt eller eggplante (Solanum melongena) er ein plante i søtvierslekta med frukter som blir brukte som grønsak. Han er i slekt med tomat og potet, men blei til forskjell frå desse først dyrka i Asia. I 2018 blei 87 % av alle auberginar i verda dyrka i Kina og India.

Aubergine
Aubergine
Aubergine
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Solanales
Familie: Søtvierfamilien Solanaceae
Underfamilie: Solanoideae
Stamme: Solaneae
Slekt: Søtvierslekta Solanum
Art: Aubergine S. melongena
Vitskapleg namn
Solanum melongena

Planten blei opphavleg domestisert frå den ville søtvierplanten S. incanum,[1][2][3] truleg i to ulike domestiseringar, ei i Sør-Asia og ei i Aust-Asia.[4] Det finst to liknande, nærskylde matplantar, S. aethiopicum og S. macrocarpon, som særleg er blitt dyrka i Afrika.[5]

Skildring

endre
 
Aubergineplante med blome og frukt.

Aubergine-planten er fleirårig, men blir ofte dyrka som eittårig. Han dannar ein forgreina busk som kan bli opptil 2 meter høg.[6] Han har ei lang pålerot.[6] Blada er store og lett flika.[7] Stilkar og blad har tett hårdekke og stilkane kan også ha torner.[6]

Blomane er typisk lilla og ein sjeldan gong kvite. Hermafrodittiske blomar med ein diameter på 3-4 cm sit vanlegvis einsleg på ein 1-3 cm lang stilk. På same blomestand kan det også sitja mindre hannblomar.

Frukta er botanisk sett eit bær. Ho har eit skinande skal, og kan ha ulike fargar, former og storleikar. Ein aubergine kan vera rund, pæreforma eller avlang som ein agurk.[8] Skalet kan vera mørkelilla til svart på farge, men lyselilla, kvite, raude og gule former finst òg.[8] Nokre variantar har striper.[7] På ville plantar har frukta ein diameter på under 3 cm, men dyrka variantar kan vera mykje større, med breidde på 2-20 cm og lengder på 2-30 cm. Inni er fruktkjøtet lyst med ein svampaktig, tørr konsistens. Det har langsgåande rader med små kjerner.[8]

Aubergine blir som regel eten kokt, steikt eller grilla, men nokre asiatiske kultivarar blir etne rå.[6]

Aubergine er ein viktig ingrediens i rettar som levantinsk baba ganoush, gresk moussaka, italiensk parmigiana og fransk ratatouille. I India er aubergine kjend som kongen av grønsaker og blir brukt i karri, dal og most til stuing. Han kan serverast i lag med kjøt eller i staden for kjøt i vegetarisk og vegansk mat.

100 gram aubergine inneheld ca. 4 mg vitamin C, 240 mg kalium, 2,3 g kostfiber, 92 % vatn og 74 kJ tilført energi.[8]

Produksjon

endre
Aubergineproduksjon i 2020
Land Produksjon
(millionar tonn)
  Kina 36,6
  India 12,8
  Egypt 1,3
  Tyrkia 0,8
  Indonesia 0,6
Verda 56,6
Kjelde: FAOSTAT ved Dei sameinte nasjonane[9]

I 2020 blei det produsert 57 millionar tonn aubergine. Den største prodsent var Kina med 65 % av totalen, følgd av India med 23 %.

Galleri

endre

Kjelder

endre
  1. Tsao and Lo in "Vegetables: Types and Biology". Handbook of Food Science, Technology, and Engineering by Yiu H. Hui (2006). CRC Press. ISBN 1-57444-551-0.
  2. Doijode, S. D. (2001). Seed storage of horticultural crops (pp 157). Haworth Press: ISBN 1-56022-901-2
  3. Doganlar, Sami; Frary, Anne; Daunay, Marie-Christine; Lester, Richard N.; Tanksley, Steven D. (1. august 2002). «A Comparative Genetic Linkage Map of Eggplant (Solanum melongena) and Its Implications for Genome Evolution in the Solanaceae». Genetics 161 (4): 1697–1711. PMC 1462225. PMID 12196412. doi:10.1093/genetics/161.4.1697. Arkivert frå originalen 11 March 2016. Henta 3 August 2012 – via www.genetics.org. 
  4. Solanum melongena, Germplasm Resources Information Network (GRIN) online database, henta 26. august 2022 
  5. Doganlar, Sami; Frary, Anne; Daunay, Marie-Christine; Lester, Richard N.; Tanksley, Steven D. (1 August 2002). «A Comparative Genetic Linkage Map of Eggplant (Solanum melongena) and Its Implications for Genome Evolution in the Solanaceae» 161 (4): 1697–1711. PMC 1462225. PMID 12196412 – via www.genetics.org. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 «Solanum melongena L.», Plants of the World Online (Kew Science) 
  7. 7,0 7,1 «eggplant», Encyclopædia Britannica (Encyclopædia Britannica, inc.) 
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 «aubergine» (14. februar 2009) i Store norske leksikon, snl.no.
  9. «Eggplant production in 2018, Crops/Regions/World list/Production Quantity (pick lists)». UN Food and Agriculture Organization, Corporate Statistical Database (FAOSTAT). 2019. Henta 9. juli 2020.