Some Heads Are Gonna Roll
Some Heads Are Gonna Roll Singel av Judas Priest frå albumet Defenders of the Faith | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Februar 1984 | |
Innspelt | September-bovember 1983 | |
Sjanger | Heavy metal | |
Lengd | 4:05 | |
Selskap | Columbia | |
Låtskrivar(ar) | Robert Halligan jr.. | |
Produsent | Tom Allom | |
Judas Priest-kronologi | ||
«Love Bites» (1984) |
Some Heads Are Gonna Roll | «Turbo Lover» (1986)
|
«Some Heads Are Gonna Roll» er ein song av det britiske heavy metal-bandet Judas Priest. Han vart først gjeven ut i 1984 på albumet Defenders of the Faith, og gjeven ut på singel seinare på året.
Sjølve melodien vart skriven av Bob Halligan jr., som i dag spelar i bandet Ceili Rain.
Den første gitarsoloen i songen vert spelt av Glenn Tipton og den andre av K.K. Downing.
B-sida av singelen var ein konsertversjon av «The Green Manalishi (With The Two-Pronged Crown)», spelt inn på US Festival i Glen Helen Park, nær San Bernardino i California den 29. mai 1983. Han inneheld òg studioversjonen av «Jawbreaker» frå Defenders Of The Faith.
Songen vart plassert på lista over bannlyste songar hos Clear Channel etter 9/11.
Andre versjonar
endre«Some Heads Are Gonna Roll» vart spelt av bandet Fight or Flight på luksusutgåva av det første albumet deira, A Life by Design?.
Medverkande
endre- Rob Halford - vokal
- K.K. Downing - gitar
- Glenn Tipton - gitar
- Ian Hill - bassgitar
- Dave Holland - trommer