Songen Coat of Many Colors
Coat of Many Colors Singel av Dolly Parton frå albumet Coat of Many Colors | ||
B-side |
She Never Met a Man (She Didn't Like) | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 27. september 1971 | |
Innspelt | RCA Studio B, Nashville; April 1971 | |
Sjanger | Country | |
Lengd | 3:05 | |
Selskap | RCA | |
Komponist | Dolly Parton | |
Tekstforfattar | Dolly Parton | |
Låtskrivar(ar) | Dolly Parton | |
Produsent | Bob Ferguson | |
Dolly Parton-kronologi | ||
Joshua (1971) |
Coat of Many Colors | Touch Your Woman (1972)
|
«Coat of Many Colors» er ein song skriven og spelt inn av den USA-amerikanske countrysongaren Dolly Parton. Songen kom ut i september 1971 og var den andre singelen og tittelsporet frå albumet Coat of Many Colors.
Bakgrunn
endreHo skreiv songen i 1969 medan ho reiste med Porter Wagoner på ein turnébuss. Ho forklate i memoara sine i 1994, My Life and Other Unfinished Business, at fordi ho ikkje kunne finne papir då songen kom til ho, skreiv ho han ned på baksida av ein reinserikvittering til ein av dressane til Wagoner. Då songen vart ein hit fekk Wagoner kvitteringen rama inn. Ho spelte inn songen i april 1971 og gjorde han til tittelsporet på Coat of Many Colors. Songen nådde fjerdeplassen på den amerikanske countrylista.
Innhald
endreSongen fortel om korleis mora til Parton sydde saman ei kåpe til ho av filler som familien hadde fått. Medan ho sydde fortalte ho dottera bibelsoga om Josef og den mangefarga kåpa hans. Parton vart særs glad for kåpa, men då ho kom på skulen vart ho ledd og mobba fordi ho gjekk med ei kåpe laga av filler.
But they didn't understand it, and I tried to make them see
Dolly Parton (1971)
|
Mora til Dolly fekk laga ho ein ny mangefarga kåpe som gjekk til ei utstilling i Chasing Rainbows Museum i Dollywood. Wagoner donerte òg den innrama kvitteringen som Parton skreiv ned songen på.
Ettermæle
endreI 2005 rangerte The Atlanta Journal-Constitution «Coat of Many Colors» på tiandeplassen over 100 «Songs of the South». Ei 1996 vart det laga ein biletbok for barn av songen, med illustrasjonar av Judith Sutton.
I 2011 vart innspelinga til Parton lagt til Library of Congress si National Recording Registry-liste over innspelingar som vert rekna som «kulturelt, historisk eller estetisk viktige, og/eller informerer eller reflekterer livet i USA.»[1]
Salslister
endreListe (1971) | Plassering |
---|---|
US Country Songs (Billboard)[2] | 4 |
Kanadiske RPM Country Tracks | 15 |
Andre versjonar
endreShania Twain spelte inn ein versjon av songen i 2003 på eit hyllest album til Parton, Just Because I'm a Woman: Songs of Dolly Parton, akkompagnert av Alison Krauss og Union Station. Denne versjonen nådde 57. plassen på Billboard Hot Country Singles & Tracks-lista.
Andre versjonar er ein innspeling av Emmylou Harris på debutplata Pieces of the Sky i 1975. I 2017 framførte Harris songen live på getTV-programmet A Nashville Christmas. Ei innspeling av Eva Cassidy kom ut posthumt i 2008 på Somewhere. Den skotske komikaren Billy Connolly spelte inn ein versjon i 1975 på albumet sitt Get Right Intae Him (Unicorn Artists). Melinda Schneider og Beccy Cole spelte inn songen på albumet deira Great Women of Country (2014).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Coat of Many Colors (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 11. november 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «The National Recording Registry 2011». National Recording Preservation Board of the Library of Congress. Library of Congress. 11. november 2020.
- ↑ "Parton?f=357&g=Singles Dolly Parton Album & Song Chart History" Billboard Country Songs for Dolly Parton. Prometheus Global Media.