Opna hovudmenyen

Sawran (òg skrive Suran, Soran eller Sawwaran) er ein by nord i Syria i Aleppo guvernement, 22 kilometer nord for Aleppo. Av stader i nærleiken finn ein A'zaz i vest, al-Harjalah i nord, Mare' i sør og Tell Rifaat i sørvest. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde Sawran eit folketal på 6 988 i 2004.[1]

Sawran
صوران
by
Land Flag of Syria.svg Syria
Guvernement Aleppo guvernement
Distrikt A'zaz-distriktet
Nahiyah Sawran
Koordinatar 36°33′54″N 37°12′44″E
Folketal 6 998 (2004) [1]
Tidssone EET (UTC+2)
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

HistorieEndra

Sawran har ei historie som går attende til jarnalderen då han var ein arameisk busetnad i kongedømet Bit Adini kalla «Surunu». I eit felttog mot Bit Adini-kongen Ahuni, plyndra og erobra den nyassyriske kongen Shalmaneser III Surunu.[2] Han kom seinare under styret til den assyriske kongen Tiglath Pileser III.[3]

Under den bysantinske tida i Syria var Sawran busett av det arabiske folket Tanukh. Før den muslimske erobringa var han eit senter for arabiske kristne og består av eif befesta kloster. Tidleg i det islamske styret var Sawran ein del av Jund Qinnasrin («Military-distriktet Khalkis»), del av den større provinsen Bilad al-Sham.[4]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Aleppo guvernement. (arabisk)
  2. Bryce, 2009, s. 674-675.
  3. Lipinsky, 2000, s. 210-211.
  4. Shahid, 2009, s. 404.