Sortland rådhus er eit rådhus i tettstaden Sortland i Nordland, der administrasjonen til Sortland kommune held til. Rådhuset ligg i Vesterålsgata 57, og husar kommunestyresal, rådhustaverna, tenestetorg, offentlege kontor og Sortland kommunale kino.[1]

Sortland rådhus

Sortland rådhus, ca. 1958.
Foto: Mittet & Co / Nasjonalbiblioteket
Kart
Sortland rådhus
68°41′46″N 15°24′43″E / 68.696166666667°N 15.411888888889°E / 68.696166666667; 15.411888888889

Rådhuset blei teikna av arkitektane Einar Karstad og Tobias Ritzau, og er ført opp i betong i perioden mellom 1954 og 1959.[1] Sørfløya blei teken i bruk i 1957, medan den offisielle opninga blei føreteken den 2. august 1959 då kong Olav vitja Sortland i samband med si signingsferd.[2]

Sortland kommunale kino hadde si fyrste framsyning den 17. mai 1959.[3] Kinosalen har eit godt bevart interiør i typisk 50-talsstil, med sceneteppe og dekorasjonar som er knytta til teaterskikkelsen Harlekin.[4]

Sortland rådhus og kino blei freda i 2014.[5]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Arkitekturguide for Nord-Norge og Svalbard, Sortland rådhus. Besøkt 1. juni 2014.
  2. Alf Oxem, Bladet Vesterålen : bindeledd i øysamfunnet gjennom 80 år : historien om Bladet Vesterålen og K. Nordahls trykkeri er fortellingen om søsterbedriftene som sammen skriver distriktets historie : 1920-2000. K. Nordahls trykkeri, Sortland 2000. Side 146.
  3. Origo, Sortland kino Arkivert 5. juni 2014 på Wayback Machine..
  4. Nordland fylkeskommune, OPUS Rana: Nordlands flotteste 50-tallskino Arkivert 2. juni 2014 på Wayback Machine.. Besøkt 1. juni 2014.
  5. Riksantikvaren 16. oktober 2014, Sortland rådhus og kino fredet. Besøkt 11. november 2014.

Bakgrunnsstoff

endre