Opna hovudmenyen
For rutebåten, sjå MS «Midthordland».
Distrikt i Hordaland:██ Nordhordland██ Midhordland██ Sunnhordland██ Hardanger██ Voss

Midhordland (Midthordland) er eit område som omfattar den midtre delen av kyst- og fjordstrøka i Hordaland fylke.

Området ligg mellom Selbjørnsfjorden, Langenuen og Bjørnafjorden i sør og Fedjeosen, Hjeltefjorden og Herdlafjorden i nord. Det strekkjer seg austover til fjellområda på grensa mot Kvam herad i Hardanger. Midhordland utgjer eit prosti som består av kommunane Austevoll, Sund, Fjell, Askøy, Os, Fusa, Samnanger og Øygarden på 1320 km2 Midhordland utgjer også eit tingrettsdistrikt svarande til prostiet med unntak av Øygarden.

Av kommunane i Midhordland ligg Fusa, Samnanger og Os på fastlandet, medan dei andre ligg utelukkande på øyar. Tettast busetnad er det i kommunane Askøy, Fjell og Os som alle har atskilleg pendling til Bergen. Austevoll er knytt til Krokeide i Fana ved bilferje. Alle dei store øyane har fått ferjefritt vegsamband med Bergen. Dette har ført med seg ein sterk befolkningsvekst.

HistorieEndra

I tidlegare tider vart ikkje Midhordland rekna som ein eigen eining, men høyrde til Sunnhordland og Nordhordland. Grensa mellom dei tidlegare futedøma gjekk i Korsfjorden og Lysefjorden, og vidare over land mellom Os og Samnanger sørom grensa, medan Fana og Haus låg nordom.

Eininga

Tidlegare omfatta Midhordland også Fana og Laksevåg som no er delar av Bergen kommune.

Kommunar i MidhordlandEndra

Nr Våpen Namn Folketal Flatemål Målform
1201   Bergen kommune 000000000279792.0000000000279 792 465 Nøytral
1241   Fusa kommune 000000000003920.00000000003 920 378 Nynorsk
1242   Samnanger kommune 000000000002463.00000000002 463 269 Nynorsk
1243   Os kommune 000000000020573.000000000020 573 140 Nynorsk
1244   Austevoll kommune 000000000005189.00000000005 189 117 Nynorsk
1245   Sund kommune 000000000007085.00000000007 085 100 Nynorsk
1246   Fjell kommune 000000000025725.000000000025 725 148 Nynorsk
1247   Askøy kommune 000000000029071.000000000029 071 100 Nøytral
1259   Øygarden kommune 000000000004877.00000000004 877 66 Nynorsk

KjelderEndra