Misje
Geografi
Stad Øygarden
Koordinatar 60°26′58″N 04°57′38″EKoordinatar: 60°26′58″N 04°57′38″E

Høgaste punkt Storhaugen (59 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Vestland

Misje er ei øy og ein tettstad i Øygarden kommune, nord for Sotra i Vestland fylke. Tettstaden har 313 innbyggjarar per 1. januar 2017. Misje er ei lita øy, 2 km lengd frå sør til nord og 1 km brei. Øya ligg 37 kilometer nord- vest for Bergen langs bilvegen. Geografisk sett er Misje den første øya i Øygarden.

Historie endre

Fram til 1964 høyrde Misje med til den dåverande Herdla kommune. I 1964 vart Herdla kommune oppløyst og delt mellom fem kommunar. I lag med naboøya Turøyna gjekk Misje inn i Fjell kommune. I 2020 vart Fjell slegen saman med kommunane Sund og Øygarden til nye Øygarden kommune.

Tidlegare var det fiske i kombinasjon med jordbruk og dyrehald som var levevegen. På delar av 1900-talet gav ein sardinfabrikk arbeid til både born, menn og kvinner.

Misje fekk bru til Sotra i 1982, og rutebåten slutta å gå. Nærbutikken og postkontoret vart nedlagt. Misje har likevel eige postnummer: 5366 Misje. Misje har også brusamband til Toftøyna i nord, og gjennomgangstrafikken til Øygarden går difor over Misje.

På Misje er det barneskule, og skulekrinsen omfattar Turøyna og Misje. Ved skulen er eit lokalmuseum (Misje museum) i eit gamalt hus.

Folketalsutvikling for øya Misje:

1801[1] 1900[2] 2000[3] 2023[3]
14 72 227 330

Kjelder endre

Litteratur endre

  • Misje, Anne Karin: BRO -forbindelse eller forbannelse? En studie av sosiale endringer i et lokalmiljø, Semesteroppgave etnologi grunnfag. Universitetet i Bergen 1991. Nettversjon Arkivert 2004-11-24 ved Wayback Machine.
  • Misje, Børge og Turøy, Tore: Misje bygdebok, Straume 2004.
  • Turøy, Tore: Ættesoga Misje, Straume 2001.

Bakgrunnsstoff endre