South Side of the Sky

South Side of the Sky
Song av Yes
frå albumet Fragile
Utgjeve 26. november 1971 (UK)
4. januar 1972 (U.S.)
Innspelt september 1971
Sjanger Progressiv rock, hardrock
Lengd 7:58
Selskap Atlantic Records
Låtskrivar(ar) Jon Anderson, Chris Squire
Produsent Yes og Eddie Offord

«South Side of the Sky» er ein song frå det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i 1971albumet Fragile. Songen er skriven av Jon Anderson og Chris Squire. Rick Wakeman var òg med under komponeringa, men måtte av kontraktsmessige årsaker avstå frå kreditering. Songen er 8 minutt og 2 sekund lang.

Struktur endre

Songen opnar med lyden av storm, før trommene aggressivt kjem inn. Eit tungt gitarriff og ein enkel bassgang gir eit relativt konvensjonelt rock-lydbilete. Etter to vers blir dette avbrote med ein pianosolo i klassisk stil. Pianoet avsluttar soloen med repeterte moduleringar av eit tema, og resten av instrumenta kjem med. Vokal-harmonium nesten svevar på toppen av musikken. Plutseleg vendast det tilbake til opningsriffet og songen blir avslutta med eit vers i denne rocke-stilen før lyden av stormen vender tilbake. Musikken nærast forsvinn inn i stormen.

Med sine drastiske temposkifte og stilskifte er dette eit godt døme på progressiv rock, der element frå ulike sjangrar og lydeffektar blir blanda og skapar ein ny heilskap. Songen er den mest aggressive på eit elles så «snilt» album med hovudvekt på det melodiske.

I plateomslaget på ny-utgjevinga frå 2003 står det at songen handlar om ein mislukka polar-ekspedisjon som endar med døden for deltakarane.[1] Yes-analytikaren Bill Martin har fundert på om teksten òg kan referere til Vietnamkrigen.

Konsertfremføringar endre

«South Side of the Sky» vart berre framført åtte gonger[2] i perioden frå utgjevinga i 1971 til 1974. Etter nesten 30 år utan ei einaste konsertframføring av songen, kom han med på spelelista att i 2002, og har vorte spelt jamleg sidan.

Offisielle utgjevingar med konsertopptak av «South Side of the Sky»:

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. Yes. Fragile. Ny-utgjeving frå 2003. Elektra Entertainment.
  2. Forgotten Yesterdays