Southern Cross av Crosby, Stills and Nash

Southern Cross
Singel av Crosby, Stills & Nash
frå albumet Daylight Again
B-side

Into the Darkness

Språk engelsk
Utgjeve September 1982
Innspelt 1981
Sjanger Softrock
Lengd
    • 4:41 (album)
    • 3:55 (singel)
Selskap Atlantic
Tekstforfattar Stephen Stills
Låtskrivar(ar)
Produsent Crosby, Stills and Nash

«Southern Cross» er ein song skriven av Stephen Stills, Rick Curtis og Michael Curtis og framført av rockebandet Crosby, Stills & Nash. Songen kom ut på albumet Daylight Again og vart gjeven ut på singel i september 1982. Stephen Stills syng solovokal på heile songen, medan Graham Nash er med på andreverset. Sidan David Crosby ikkje kom med før innspelinga av albumet var godt i gang, er ikkje vokalen hans med på denne versjonen av songen, men han er med i musikkvideoen og song på songen på konsertframføringane til gruppa. Singelen vart ein suksess på listene og nådde 18. plassen på Billboard Hot 100-lista i tre veker seint i november og tidleg i desember 1982.[1][2]

Songen omhandlar ein mann som seglar i Stillehavet etter eit mislykka kjærleiksforhold. «Southern Cross» er basert på songen «Seven League Boots» av Rick og Michael Curtis. Stills skreiv om teksten noko og laga eit nytt refreng.[3][4]

Videoen til songen vart mykje spelt på MTV og VH1 med Stephen Stills som seglar ein stor båt (kalla Southern Cross) innimellom bilete av gruppa som syng songen.[5]

Medverkande endre

Andre medverkande endre

Andre versjonar endre

«Southern Cross» er òg blitt spelt av

Kjelder endre

  1. «Music: Top 100 Songs - Billboard Hot 100 Chart». Billboard.com. Henta 23. januar 2019. 
  2. «Music: Top 100 Songs - Billboard Hot 100 Chart». Billboard.com. Henta 23. januar 2019. 
  3. CSN Boxed Set
  4. «Southern Cross by Crosby, Stills & Nash». Songfacts.com. Henta 3. oktober 2011. 
  5. «Southern Cross by Crosby, Stills & Nash Songfacts». Songfacts.com. Henta 23. januar 2019.