Opna hovudmenyen

Sovetsk i Kaliningrad oblast

by i Russland
Sovetsk
Советск
Horisonten til Sovetsk
Byvåpenet til Sovetsk
Byvåpenet til Sovetsk


Plassering
Sovetsk i Kaliningrad oblast is located in Russland
Sovetsk i Kaliningrad oblast is located in Kaliningrad oblast
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Kaliningrad oblast
Grunnlagd
Bystatus
1288
1552
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

42 456
Koordinatar 55°5′″N 21°53′″EKoordinatar: 55°5′″N 21°53′″E
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Postnummer 238750
Retningsnummer (tlf) +7 40161

Sovetsk (tysk Tilsit; russisk Сове́тск; litauisk Tilžė; polsk Tylża), er ein by i den noverande Kaliningrad-enklaven i Russland med om lag 45 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Nemunas og hadde 42 456 innbyggjarar i 2008. Byen var tidlegare ein del av Aust-Preussen og var då kjend som Tilsit. Ved slutten av andre verdskrigen vart han okkupert av den raude armeen og sivilfolkesetnaden vart drive bort.

HistorieEndra

 
Gamle bygningar i Sovetsk

Tilsit si historie starta med den tyske riddarordenen, som oppførte festninga Burg Tilsit 1406-1409. Det oppstod snart ein busetnad her som frå slutten av 1400-talet utvikla seg til eit økonomisk senter i regionen. I 1552 fekk Tilsit bystatus av hertug Albrecht av Preussen. Under sjuårskrigen 1758-1762 vart byen okkupert av russiske styrkar, men kom stort sett uskadd frå det. Det same var tilfellet då troppane til Napoleon var innom byen under den fjerde koalisjonskrigen i 1807. Same året skreiv Napoleon og Tsar Aleksander I av Russland under ein ikkje-åtakspakt i Tilsit (Tilsit-avtalen).

På 1800- og 1900-talet fanst det mange litauiske forbund i byen sidan regionen hadde ein stor litauisk minoritet. Fram til 1914 voks Tilsit som følgje av omfattande trelastindustri og ein vidkjend produksjon av ost. Den kjende Tilsiter-osten vart funne opp og produsert av innvandrande nederlandske bønder. I 1832 fekk byen direkte vegsamband til Königsberg og i 1865 vart han knytt til det prøyssiske jernbanenettet. Under første verdskrigen var byen okkupert i to månader av russiske styrkar. I 1939 hadde byen om lag 56 000 innbyggjarar.

 
Tilsit i 1910.

Andre verdskrigen var slutten for Tilsit som tysk by. I 1943 vart han råka av dei første allierte bombeåtaka. I oktober 1944 hadde austfronten rykt så nær at folkesetnaden vart evakuert. Men etter ei mellombels tysk militær offensiv valde ein del av innbyggjarane å vende tilbake. Då den raude armeen invaderte Aust-Preussen i januar 1945 hamna Tilsit i sentrum for åtaket. Han vart erobra 20. januar 1945 etter at eit intenst sovjetisk artilleribombardement hadde øydelagd 80 % av busetnaden. Ved freden vart byen som ein del av dei allierte sine avtalar frå Potsdamkonferansen ein del av ekslaven Kaliningrad oblast. Den gjenverande tyske folkesetnaden vart deportert eller utvist. Byen vart russifisert med tilflytta russarar og kviterussarar under det nye namnet Sovetsk. Under den kalde krigen var Sovetsk underlagt strenge militære restriksjonar og var stort sett stengd for utlendingar.

Sovjetunionen kollapsa vart Sovetsk ein russisk grenseby til Litauen. Det har sidan vorte lettare for tilreisande å vitje byen.

KjelderEndra