Spanish Caravan
Spanish Caravan Song av The Doors frå albumet Waiting for the Sun | ||
Utgjeve | 11. juli 1968 | |
Innspelt | 1968 | |
Sjanger | Psykedelisk rock, spansk musikk | |
Lengd | 3:03 | |
Selskap | Elektra, Asylum | |
Komponist | Jim Morrison | |
Tekstforfattar | Jim Morrison | |
Låtskrivar(ar) | Jim Morrison Ray Manzarek Robbie Krieger John Densmore | |
---|---|---|
Produsent | Paul A. Rothchild |
«Spanish Caravan» er ein song av The Doors frå albumet Waiting for the Sun som kom ut i 1968. Songen er ein flamenco-song med ein stil kjend som Granadinas. Det første riffet var henta frå Asturias (Leyenda), eit klassisk musikkstykke av den spanske komponisten Isaac Albeniz (1860-1909). Han låner òg liknande riff frå Malagueña.
Teksten kan vise til romantiske tema om det å leite etter vakkert og rikt land, som var typisk for til dømes George Byron. I «Spanish Caravan» omhandlar ønsket om å reise med ein karavane til Portugal og Andalusia i Spania der «det ventar ein skatt». Transportmetoden indikerer at noko vil hentast attende til Europa frå ein afrikansk ørken. Men det er òg «gallionar tapt til sjøs» nemnd i teksten.
Songen vart mykje spela på konsertane til The Doors, stundom som ein del av «Celebration of the Lizard».
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Spanish Caravan» frå Wikipedia på engelsk, den 17. mars 2011.