Bolero er ein spansk dans i 3/4-takt som var populær seint på 1700- og tidleg på 1800-talet. Han oppstod frå seguidilla ein gong mellom 1750 og 1772,[2] og blei særs populær i Madrid, La Mancha, Andalusia og Murcia i 1780-åra.[3][4] Bolero blei framført som solo- eller pardans med moderat seint tempo, akkompagnert av gitar og kastanjettar, og med teksta i form som seguidilladikt.

Bolerodansar, La bailaora Josefa Vargas, måla av Antonio María Esquivel i 1840
Innspeling av ein bolero i Zamora i Spania i 1987.
Marcelle Lender dansar bolero i Chilperic av Hervé, måleri av Toulouse-Lautrec frå 1895
Bolero-rytme[1]

Sebastián Cerezo er rekna som ein av dei fyrste og beste dansarane i sjangeren.[2] Ifølgje Zamácola y Ocerín dansa Cerezo sakte, og hans særmerkte måte å dansa på markerte den definitive overgangen frå seguidilla til bolero (av voleo, jf. vuelo, 'flyging, flukt').[2] Denne opphavleg sakte måten å dansa på blei gjort kjend av dansaren Requejo frå Murcian kring 1800 som respons på den raskare måten å dansa bolero på som då var blitt utbreidd.[2] Dansen gjekk for det meste ut av bruk på midten av 1800-talet, men overlevde i ein akademisk tradisjon kjend som escuela bolera, som påverka utviklinga av moderne flamencodans. Ein av palos (stilane) i flamenco er direkte avleidd frå denne dansen, seguidillas boleras. På 1900-talet gjorde populariteten til flamenco til at escuela bolera nesten heilt forsvann, men han er blitt halden ved live i Sevilla. Sjangeren har også sett spor i verja til mange klassiske komponistar som Maurice Ravel, som skreiv det vidkjende verket Boléro.

Klassisk musikk endre

På sitt mest populære blei bolero dansa i heile Spania, og blei også framført av spanske dansetruppar utanlands, i lag med andre dansar som cachucha. Over tid skreiv mange klassiske komponistar verk inspirerte av sjangeren:

  • Frédéric Chopin skreiv Boléro for solo piano (Op. 19) i 1834, men rytmane i stykket minnar meir om polonese. Han var ein nær venn av Pauline Viardot, dottera til den kjende spanske tenoren Manuel García, som hadde introdusert bolero til Paris.
  • Clara Schumann skreiv Caprice à la Boléro som nummer 2 av sitt 4 Pièces caractéristiques, opus 5, komponert i tida 1834-1836.
  • Giuseppe Verdi skreiv ein bolero kalla Mercé, Dilette Amiche til operaen sin I vespri siciliani frå 1855.
  • Charles-Auguste de Bériot skriv ein bolero til konserten sin Scène de ballet (Op. 100), frå 1840-talet, for fiolin og piano (eller orkester), eit av dei best kjende stykka hans.
  • Julián Arcas skreiv fleire boleroverk for gitar og påverka både boleroforma og gitarspeling innan klassisk musikk«».[5]
  • Louis James Alfred Lefébure-Wély skreiv Boléro de Concert for orgel i 1865.
  • Hervé skreiv ein bolero til operetten Chilpéric i 1868, som blei måla av Toulouse-Lautrec.
  • Léo Delibes skreiv ein bolero i Tableau 2 av Coppélia, 1870.
  • Camille Saint-Saëns skreiv ein bolero for 2 røyster og orkester, El desdichado, 1871.
  • Moritz Moszkowski skreiv ein bolero som den siste av sitt fyrste sett av Spanische Tänze (Op. 12), 1876.
  • César Cui sin Bolero frå 1881 var komponert for solo sopranstemme akkompagnert av orkester eller piano, og gjeven ut med russisk, italiensk og fransk tekst.
  • Friedrich Baumfelder skreiv Premier Boléro for piano (Op. 317) i 1883.
  • Claude Debussy skreiv ein bolero i La Soirée dans Grenade, den andre satsen i Estampes, 1903.
  • Joe Morley skreiv ein bolero for banjo med tittelen «El contrabandista» (ca. 1920).
  • Maurice Ravel skreiv Boléro (med arbeidstittelen Fandango) som eit ballettverk bestilt av Ida Rubinstein i 1928, men han er blitt kjent som eit konsertstykke. Han har inspirert andre verk som Fumio Hayasaka sitt tema til Rashomon frå 1950.
  • Richard Aaker Trythall skreiv ein bolero for fire perkusjonistar i 1979. Stykket byggjer på rytmen og strukturen til ein tradisjonell spansk bolero.
  • John Serry Sr. skreiv African Bolero for trekkspel og fløyte i 1950.
  • Keith Emerson komponerte Abaddon's Bolero for orkester og synthesizer i 1972.
  • Ryuichi Sakamoto skreiv Blu i 2014 for piano og orkester. Stykket byrjar med ein pianomelodi som er følgd av ein fire minutt lang bolerodel.

Nokre kunstmusikk-boleroar byggjer i røynda på habanera, ei kubansk tilverking av fransk contredanse som ofte blei burkt i fransk opera og i spansk zarzuela.[6]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Blatter, Alfred 2007. Revisiting music theory: a guide to the practice, p. 28, ISBN 0-415-97440-2.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Martín, Elvira Carrión (2019). «El origen de la escuela bolera: Nacimiento del bolero». Danzaratte: Revista del Conservatorio Superior de Danza de Málaga (12): 30–44. ISSN 1886-0559. 
  3. Apel, Willi (2003). The Harvard Dictionary of Music (på engelsk). Harvard University Press. s. 106. ISBN 978-0-674-01163-2. 
  4. Stevenson, Robert (October 1971). «El Melopeo Tractado de Musica Theorica y Practica Pedro Cerone». Journal of the American Musicological Society 24 (3): 477–485. JSTOR 830283. doi:10.2307/830283. 
  5. Grut, Marina; Guest, Ivor Forbes (2002). The Bolero School: An Illustrated History of the Bolero, the Seguidillas and the Escuela Bolera : Syllabus and Dances (på engelsk). Dance Books. s. 134. ISBN 978-1-85273-081-9. 
  6. Loyola Fernández, Jose 1997. En ritmo de bolero: el bolero en la musica bailable cubana. Huracan, Rio Piedras, P.R. p. 29.