Sisselsporv

art av sporvefuglar
(Omdirigert frå Spiza)
Sisselsporv
Frå Missouri, USA, mai 2008
Frå Missouri, USA, mai 2008
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av sisselsporv
Utbreiinga av sisselsporv
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Passeroidea
Familie: Kardinalar Cardinalidae
Slekt: Spiza
Art: Sisselsporv S. americana
Vitskapleg namn
Spiza americana

Sisselsporv (Spiza americana) er ein fugl i kardinalfamilien. Han er ein sterk trekkfugl, hekkar i sentrale USA og lever vinterstid i Mellom-Amerika og nordlegaste Sør-Amerika. Arten er monotypisk, utan underartar, og dessutan einaste arten i slekta si.

Skildring endre

 
██ Hekkeområde██ Overvintring██ Trekkområde ██ Hekking, få██ Vinter, fåtalig

Dette er ein mellomstor medlem av kardinalfamilien, ca. 15,5 centimeter. Som vanleg for kardinalar syner dei kjønnsdimorfisme i fjørdrakta.

Grunnfarga er brunt og grått. Hannar i hekkedrakt har ei gul augebrynstripe som startar ved nebbrota. Stripa er bleik, nesten kvit i begge ender. Hovud elles grått. Han har ei kvit og gul mustasjestripe, kvit hake over svart strupe, under det igjen gult i brystet. Oversida er dominert av grått med mykje brunt på vengene. Hofuglar er som ei bleika utgåve av hannar, men har tydeleg gult fargeskjær i bryst og på heile undersida.

Hekkeområde er i USA med eit sentralt kjerneområde og eit langt vidare område med spreidd hekking nordaust til Dei store sjøane og litt inn i sørlegaste sentrale provinsar av Canada. Overvintring skjer i nordlegaste Sør-Amerika og langs stillehavskysten av Mellom-Amerika. Opptil 30 % av populasjonen, nær 3 millionar individ, kan samlast i ein flokk i Venezuela.

Dette er ein art som trivst i grasdekte område, habitata er opne, i hekketida t.d. på prærie. Dei er insektetarar i hekketida elles er føda i stor grad vegetabilsk.

Storleiken på populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[1]

Spontant i Noreg

Det finst ein einaste observasjon av sisselsporv i Noreg, tilbake til 1981 i Måløy, Sogn og fjordane.[2]

Kjelder endre

  • Brewer, D. (2019) Dickcissel (Spiza americana) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 5. oktober 2019
Referansar
  1. BirdLife International (2019) Species factsheet: Spiza americana. Henta frå http://www.birdlife.org den 5. oktober 2019
  2. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 5. oktober 2019. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Sisselsporv