Spjelkavik vidaregåande skule

Spjelkvik vidaregåande skule er ein vidaregåande skule i Ålesund kommune. Skulen ligg på Langhaugen i Spjelkavika. Skulen har utdanningsprogram for studiespesialisering og har eit breitt tilbod innan språk, samfunnsfag og økonomi, realfag og internasjonalisering.[1] Skulen legg stor vekt på å gje elevane undervising med god fagleg kompetanse.

Spjelkavik vidaregåande skule
Skuletypevidaregåande skule
Org.nummer974577267
Region/fylkeMøre og Romsdal
KommuneÅlesund
RektorRune Heggdal
Nettstadhttps://spjelkavik.vgs.no/
Kart
Spjelkavik vidaregåande skule
62°27′39″N 6°22′24″E / 62.4609674°N 6.3733474°E / 62.4609674; 6.3733474

Historie endre

Frå hausten 2012 vart skulen ein IB World School og med International Baccalaureate Diploma Programme.

I 2013 presenterte Aftenposten ein statistikk som sa at Spjelkavik VGS var grundigast i Ålesund vurderingsmessig.[2] I ordinær karakter samanlikna med eksamensresultat, som ein fasit, gjekk kvar tiande elev ned éin karakter ved eksamen. Ved Fagerlia VGS, til samanlikning, gjekk sju av ti ned éin karakter ved eksamen. Statistikken spegla grundig vurdering ved skulen.

Skulen kan òg skilta med gode resultat i Fysikkolympiaden, der tidlegare elevar har kvalifisert seg til å representera Noreg internasjonalt.

Kjelder endre

  1. «Om skolen», spjelkavik.vgs.no, henta 2. november 2022 
  2. «Se om skolen din er streng eller snill med karakterene». Aftenposten. Henta 29. april 2017.