Sporophila

slekt av sporvefuglar

Sporophila er ei biologisk slekt av ca. 40 artar små sporvefuglar i tanagarfamilien, Thraupidae. Med unntak av seks artar som nyleg har blitt fletta inn i denne gruppa, ber desse små fuglane fellesnemninga frøetarar. Dei innfletta artane har fellesnamnet 'frøsporvar'. Samla sett er leveområdet frå sørspissen av Texas til søraust i Sør-Amerika.

Sporophila
Gulbukfrøetar, Sporophila nigricollis Foto: Neil Orlando Diaz Martinez
Gulbukfrøetar, Sporophila nigricollis
Foto: Neil Orlando Diaz Martinez
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Tanagarar Thraupidae
Slekt: Sporophila
Cabanis, 1844

Skildring

endre
 
Krattfrøetar, Sporophila americana
Foto: Hector Bottai
 
Kalottfrøetar, Sporophila bouvreuil, hofugl
Foto: Dario Sanches
 
Brunbrystfrøetar, Sporophila minuta
Foto: Tom Friedel

Dette er relativt små tanagarar med korte, kraftige, koniske nebb tilpassa beiting på frø. Artane i slekta viser frå moderat til sterk kjønnsdimorfisme i fjørdrakta. Medan typiske vaksne hannar ofte er særeigne, kan hoer og ungfuglar av begge kjønn vere svært vanskelege, og for nokre artar nesten umoglege, å identifisere eksakt.[1] Hofulglane av mange artar er varmt gulbrune, med ei overside monaleg mørkare enn undersida. Svartnebbfrøsporv, Sporophila atrirostris, skil seg litt, her har hofuglar meir tydeleg mørk brun underside. Gruppa har nokså distinkt sameint ytre morfologi, mest karakterisert av nebbet, men 'frøsporvartane' skil seg noko med lengre hale og derfor totalt større kroppslengd på opptil 16,5 cm for svartnebbfrøsporv. Elles finn ein lite variasjon i kroppsstorleik, mange er 10 til 11 centimeter. Dei minste kan vere brunbrystfrøetar, Sporophila minuta og gulbukfrøetar, Sporophila nigricollis på frå 8,5 cm. Papegøyefrøetar, Sporophila peruviana, skil seg ut i nebbforma med ekstra tjukt nebb med ein krok i enden.

Hos i det minste nokre av desse artane har hofuglar ulike ultrafiolette fargar, synlege for fuglar, men ikkje for menneske.[2] Hos nokre artar er ungfuglar av begge kjønn vanskelege å skilje frå modne hofuglar basert på fjørdrakt.[3]

Utbreiinga er vid, artane her lever frå sørspissen frå Texas til sørlege Sør-Amerika og er tiltrekt av opne og halvopne habitat.[3] Hannane av denne gruppa er vanlegvis fargerike med kraftig, melaninbasert mønster. Til dømes kvitkronefrøetar, Sporophila lineola, kalottfrøetar, Sporophila bouvreuil og fleire andre frøetarartar er ettertrakta i marknaden for burfuglhandel.[4] Dei fleste taksonomiske klassifikasjonar av denne slekta er blitt organisert i samsvar med mønstre og farger i fjørdrakta åt hannfuglar.[3]

Artslista

endre

Sporophila i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[5] med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[6] IUCN kategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.[7]

  • Skjeggfrøetar, Sporophila bouvronides, Lesson's seedeater, (Lesson, RP, 1831), (LC)
Svart overside, kvit under, stor kvit kinnflekk, 10–11 cm, 8–11 gram, habitat hekkar langs karibiakysten sør til ekstremt nordlege Brasil, trekker til Amazonas, alle land inkludert nordlegaste Bolivia
Svart overside, kvit under, stor kvit kinnflekk, 10–11 cm, 7,5–12 gram, habitat hekkar i Paraguay og næraste område, eit belte til sørlege Brasil, + Bahia austlegaste Brasil?, trekker til Amazonas, alle land, S-A aust for Andes
  • Kvithalsfrøetar, Sporophila torqueola, Cinnamon-rumped seedeater, (Bonaparte, 1850), (LC)
Kanelbrun underside og overgump.Kvit krage. 9,5–11 cm. Manglar vengeband. Vestlege Mexico.
  • Kvitkragefrøetar, Sporophila morelleti, Morelet's seedeater, (Bonaparte, 1850), (LC)
Hannar kvit eller svakt raudbrun underside og overgump, breitt svart brystband og nær kvit underside. 11 cm. Hoe raudbrun. begge kjønn vengeband. Ekstremt sørlege Texas gjennom austlege Mexico og Mellom-Amerika til vestlegaste Panama.
  • Kolfrøetar, Sporophila corvina, Variable seedeater, (Sclater, PL, 1860), (LC)
Heilsvart frøetar (hannar). 9,6–11,5 cm, standfugl i området frå sørlege Mexico gjennom Mellom-Amerika til vestlege Ecuador, Colombia og Venezuela
  • Gråfrøetar, Sporophila intermedia, Grey seedeater, Cabanis, 1851, (LC)
Hannar er grå med gult nebb, underside gradvis lysare mot kvit undergump. 10 cm, Nordvestlege S-A, nord for Ecuador og vest for Suriname. Øyane langs karibiakysten. Opptil 2300 moh. i Colombia
  • Krattfrøetar, Sporophila americana, Wing-barred seedeater, (Gmelin, JF, 1789), (LC)
Hannar svart overside, kvit underside, strupe og sidekrage. 10–11 cm, Tobago og frå austre Venezuela langs atlanterhavskysten til nordre Brasil, inn i Brasil langs Amazonaselva til Santarém. Lågt, typisk til 50 moh.
  • Halsbandsporv, Sporophila fringilloides, White-naped seedeater, (Pelzeln, 1870), (LC)
Hannar svart overside, kvit underside, kvitt halsband opptil nakken. kvitt nebb med blåskjer. 13–13,5 cm, trestatsgrenseområdet Colombia, Venezuela og Brasil og eit isolert avgrens område i søraustlege Guyana
  • Sørgjefrøetar, Sporophila luctuosa, Black-and-white seedeater, (Lafresnaye, 1843), (LC)
Hannar svart overside, svart strupe og bryst, elles kvit underside. 11 cm, lågare Andes frå Venezuela til Bolivia, vinteren òg på austsida, og litt inn i Brasil
  • Beltefrøetar, Sporophila caerulescens, Double-collared seedeater, (Vieillot, 1823), (LC)
Hannar svart blygrå til olivenbrun overside, svart strupeflekk, kvit krage og underside. 11 cm. midtre S-A ausy for Andes. Hekking i Argentina, Uruguay og sørlegaste Brasil, året rundt i sørlege Brasil, Paraguay, nordlege Argentina og i Bolivia, overvintring i nord; i Brasil sør for Amazonaselva, inn i austlege Peru
  • Gulbukfrøetar, Sporophila nigricollis, Yellow-bellied seedeater, (Vieillot, 1823), (LC)
Hannar svart hovud og hals, bleik gul underside. 8,5–10,3 cm. I vest frå austlege Costa Rica gjennom Colombia og Ecuador til norlege Peru, samt vestre Surinam, Guyana og det meste av Venezuela med ei avgreining aust for Andes sør til Madre de Dios-regionen i Peru. I aust store delar av austlege Brasil
  • Gråryggfrøetar, Sporophila ardesiaca, Dubois's seedeater, (Dubois, AJC, 1894), (LC)
Hannar svart overside og hals, kvit underside. 11 cm. Brasil frå søraustlegaste Bahia til Rio de Janeiro
  • Sørgjefrøsporv, Sporophila funerea, Thick-billed seed finch, (Sclater, PL, 1860), (LC)
Heilsvart frøetar (hannar). 10,7–12,5 cm, standfugl i området frå sørlege Mexico gjennom Mellom-Amerika til vestlege Ecuador, Colombia og Venezuela
  • Småfrøsporv, Sporophila angolensis, Chestnut-bellied seed finch, (Linnaeus, 1766), (LC)
Svart med kastanjebrun buk (hannar). 10,6–12,4 cm, standfugl i heile S-A aust for Andes og nord for Uruguay
Stor, heilsvart frøetar (hannar) med bleikt rosa nebb. 14–14,5 cm, standfugl i austlege Niqaragua, Costa Rica og litt inn i Panama
  • Storfrøsporv, Sporophila maximiliani, Great-billed seed finch, (Cabanis, 1851), (EN)
Heilsvart frøetar (hannar) med bleikt nebb. 14,5–16,5 cm, kjempetort nebb og lang hale. Standfugl langs atlanterhavskysten frå Venezuela til nordlege Brasil. Større område i sørlege Brasil
  • Tjukknebbfrøsporv, Sporophila crassirostris, Large-billed seed finch, (Gmelin, JF, 1789), (LC)
Heilsvart frøetar (hannar) med bleikt nebb. 13,5–14,5 cm, kjempetort nebb og lang hale. Standfugl oppstykka lågtliggande delar i nordlege S-A.
  • Svartnebbfrøsporv, Sporophila atrirostris, Black-billed seed finch, (Sclater, PL & Salvin, 1878), (LC)
Heilsvart frøetar (hannar) med svart nebb. 15–16,5 cm, kjempetort nebb og lang hale. 1: frå ekstremt sørlege Colombia gjennom eit belte i austre, lågtliggande Ecuador og inn i Peru. 2. Nordaustre Peru og inn i Bolivia. 3. isolert populasjon mykje avgrensa sentralt i Bolivia
  • Skiferfrøetar, Sporophila schistacea, Slate-colored seedeater, (Lawrence, 1862), (LC)
Skifergrå, kvit midtre buk og undergump. 10,5–11 cm, svært fragmentert utbreiingsområde frå Belize i nord til Boliva og vestre Brasil i sør.
  • Sotfrøetar, Sporophila falcirostris, Temminck's seedeater, (Temminck, 1820), (VU)
Skifergrå, kvit undergump, gult nebb. 11 cm, utbreiingsstripe frå sørlege Bahia i nord, sør til São Paulo, ekstremt austlege Paraguay og Argentina
  • Storfrøetar, Sporophila frontalis, Buffy-fronted seedeater, (Verreaux, J, 1869), (VU)
Grå til olivenfaga, kvit strupe og kvite teikningar på hovud. 12,5 cm, utbreiingsstripe frå sørlege Bahia i nord, sør til Rio Grande do Sul, ekstremt austlege Paraguay og Argentina
  • Blyfrøetar, Sporophila plumbea, Plumbeous seedeater, (Wied-Neuwied, M, 1830), (LC)
Blygrå, kvit midtre buk og undergump, mørkgrått nebb. 10,5–11 cm, to utbreiingsområde: i nord frå Colombia til Guyana-landa til nordlegaste Brasil, i sør store delar av Sør-Brasil og austlege Bolivia og Paraguay.
  • Tropeirofrøetar, Sporophila beltoni, Tropeiro seedeater, Repenning & Fontana, 2013, (VU)
Blygrå, kvit midtre buk og undergump, gult nebb. Lever i Brasil, hekkar i Paraná søt til Rio Grande do Sul, trekker nord til savanna i sentrale Brasil
  • Rustnakkefrøetar, Sporophila collaris, Rusty-collared seedeater, (Boddaert, 1783), (LC)
Kvit strupe, svart hette, svart brystband og mørk overside. To fargevariantar ein med raudbrun nakke og ein med svart nakke. Bleikgul eller raudbrun underside. 12 cm. Sentrale og sørlege Brasil, Bolivia, Paraguay, Uruguay og nordaustlege Argentina
Kvit strupe, krage og underside, svart hovud, svart brystband, grå overside. 11 cm. Austlegaste Brasil
  • Kvitbukfrøetar, Sporophila leucoptera, White-bellied seedeater, (Vieillot, 1817), (LC)
Svart eller grå overside, kvit under, 12–12,5 cm, 15–16 gram, habitat Sør-Brasil, Paraguay, Bolivia, isolerte flkker i nord, standfugl
  • Papegøyefrøetar, Sporophila peruviana, Parrot-billed seedeater, (Lesson, RP, 1842), (LC)
Gråblå overside med brunt, kvit under, kvit sidekrage, papegøyenebb med krok på nebbspiss, 10,5–12,5 cm, habitat langs stillehavskysten frå Ecuador til Ica, Peru
  • Brunhakefrøetar, Sporophila telasco, Chestnut-throated seedeater, (Lesson, RP, 1828), (LC)
Grå overside, kvit under, kastanje strupe, 10–10,5 cm; 8–11 gram, habitat langs stillehavskysten frå sørlegaste Colombia til ekstremt nordlegaste Chile
  • Brunfrøetar, Sporophila simplex, Drab seedeater, (Taczanowski, 1874), (LC)
M: diffus brun over gulbrun under, nesten som F, 11–11,5 cm, habitat tørre omr, smal stripe vest for Andes opp mot 2500 moh. i nord, men litt inn i landet, frå sørlege Ecuador til Ica, Peru
  • Kastanjebukfrøetar, Sporophila castaneiventris, Chestnut-bellied seedeater, Cabanis, 1849, (LC)
Gråblå overside og flanker, nøttebrun under, 10 cm, habitat Amasonas, Guyana aust til kysten
  • Brunbrystfrøetar, Sporophila minuta, Ruddy-breasted seedeater, (Linnaeus, 1758), (LC)
Grå overside, raudbrun under, 8,5–9,5 cm, habitat stillehavskysten av Mexico-Mellom-Amerika, Panama, nordlege S-A, inkl nordlegaste Guyana og Brasil
  • Kalottfrøetar, Sporophila bouvreuil, Copper seedeater, (Müller, PLS, 1776), (LC)
Svart krone, overside stjert og venger, elles lys kanelbrun, 10 cm, habitat austlege Brasil, små forekomster i Amazonas og i Guyana-statar
  • Svartryggfrøetar, Sporophila nigrorufa, Black-and-tawny seedeater, (d'Orbigny & Lafresnaye, 1837), (VU)
Svart krone, øvre rygg, ovserside stjert og venger, elles gulbrun til brun, 10 cm, lita utbreiing: hekkehabitat austlegaste Bolivia, trekker aust til tilgrensande vest Brasil
  • Rustfrøetar, Sporophila hypoxantha, Tawny-bellied seedeater, Cabanis, 1851, (LC)
Svart til grå overside, gulbrun til lys raudbrun under, raudbrun overgump, 10 cm, året rundt i sørvestre Brasil, Paraguay, austre Bolivia, to flekker i nordlege Argentina. Hekkefugl i austre Argentina, vestlegaste Uruguay og sørlegaste Brasil
Svart strupe og nedre kinn, grått hovud og nakke, overside gråleg og aukande brun bakover, grå stjert, raudbrun underside og overgump, 10–11 cm, hekkar i nordlege Argentina, Paraguay og litt inn i dei tilgrensande landa, overvintrar i sørvestre Brasil og austlege Bolivia
  • Kremfrøetar, Sporophila pileata, Pearly-bellied seedeater, (Sclater, PL, 1865), (LC)
Bleik. kvitt hovud og underside, raudbrun undergump, men svart hette. Lysgrå overside.? cm, habitat sørlegaste Brasil, litt inn i Bolivia, Paraguay, Argentina, Uruguay
  • Brungumpfrøetar, Sporophila hypochroma, Rufous-rumped seedeater, Todd, 1915, (NT)
Grått hovud, nakke og overside, raudbrune kinn, underside og overgump, 10 cm, hekkar i nordlege Argentina og sørvestre Brasil, og litt inn i Paraguay og Uruguay, overvintrar i indre Brasil, Paraguay og Bolivia
  • Gråkronefrøetar, Sporophila cinnamomea, Chestnut seedeater, (Lafresnaye, 1839), (VU)
Kastanjebrun hannfugl med grå hette og stjert, mørke venger. 10 cm, hekkar i tre avgrensa, oppstykka område innanfor nordlege Argentina, Paraguay og Uruguay, overvintrar i indre Brasil, litt inn i Paraguay
  • Sumpfrøetar, Sporophila palustris, Marsh seedeater, (Barrows, 1883), (EN)
Kvit strupe og nedre kinn, grått hovud og nakke, overside gråleg, grå stjert, raudbrun underside og overgump, 10 cm, hekkar i nordlege Argentina og sørvestre Brasil, og litt inn i Paraguay og Uruguay, overvintrar i indre Brasil sør for Amazonas
  • Svartbukfrøetar, Sporophila melanogaster, Black-bellied seedeater, (Pelzeln, 1870), (NT)
Hannar har grå overside og svart underside. 10 cm, hekkar i sørlegaste Brasil: austre Santa Catarina og nordaustre Rio Grande do Sul, trekker nordover omtrent så langt som til Brasilia

Kjelder

endre
Referansar
  1. Ridgely, R. S., & G. Tudor (1989). The Birds of South America. Vol. 1. Univ. Texas Press, Austin
  2. Benites, P., Eaton, M. D., Lijtmaer, D. A., Lougheed, S. C. & Tubaro, P. L. (2010). Analysis from avian visual perspective reveals plumage colour differences among females of capuchino seedeaters (Sporophila). J. Avian Biology. 41: 597–602.
  3. 3,0 3,1 3,2 Mason, Nicholas & J Burns, Kevin. (2013). Molecular phylogenetics of the Neotropical seedeaters and seed-finches (Sporophila, Oryzoborus, Dolospingus). ORNITOLOGIA NEOTROPICAL. 24. 139-155
  4. Rômulo Romeu Nóbrega Alves, José Ribamar de Farias Lima and Helder Farias P. Arauj, The live bird trade in Brazil and its conservation, implications: an overview, BirdLife International 2012 https://doi.org/10.1017/S095927091200010X
  5. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2023). «Hummingbirds». IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta 15. mai 2023. 
  6. Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 15. mai 2023. 
  7. «HBW and BirdLife Taxonomic Checklist». BirdLife Data Zone (version 7 utg.). BirdLife International. Desember 2022. Henta 15. mai 2023. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sporophila