Gulbukfrøetar

art av sporvefuglar
Gulbukfrøetar
Gulbukfrøetar Foto: Michael Woodruff
Gulbukfrøetar
Foto: Michael Woodruff
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Gulbukfrøetar
Utbreiinga av Gulbukfrøetar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Tanagarar Thraupidae
Slekt: Sporophila
Art: Gulbukfrøetar S. nigricollis
Vitskapleg namn
Sporophila nigricollis

Gulbukfrøetar (Sporophila nigricollis) er ein liten medlem av frøetarslekta i tanagarfamilien. Dei lever i sørlege Mellom-Amerika og nordlege og austre Sør-Amerika.

Skildring endre

Dette er av dei minste medlemmene av den biologiske slekta Sporophila, ca. 8,5–10,3 centimeter i kroppslengd. Hannar har svart hovud og hals, mørk til svart overside, bleikgul underside. Som for dei fleste artar i slekta er hoene sin fjørdrakt einsfarga brungul. Den nordvestlegaste populasjonane lever frå austlege Costa Rica gjennom Colombia og Ecuador til nordvestlege Peru, samt sørlege nærliggande karibiske øyar, vestre Surinam, Guyana og det meste av Venezuela med ei avgreining aust for Andes sør til Madre de Dios-regionen i Peru. Ein populasjon med åtskilt utbreiing i aust lever i store delar av austlege Brasil.[1]

Føda for denne arten er grasfrø som dei beitar på i små flokkar på opptil 20 fuglar på grassletter og jordbruksområde i lågland og sjeldan over 2000 moh.[1]

Gulbukfrøetarar er ofre for ulovleg fangst og burfuglhandel i Brasil. Ei undersøking har estimert at 16 800 individ blir fanga årleg.[2]

Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere aukande. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[3]

Kjelder endre

  • Rising, J., Jaramillo, A. & Sharpe, C.J. (2018) Yellow-bellied Seedeater (Sporophila nigricollis) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 16. januar 2018
Referansar
  1. 1,0 1,1 Rising et al, HBW Alive
  2. Regueira, R. F. S., & Bernard, E. (2012). Wildlife sinks: Quantifying the impact of illegal bird trade in street markets in Brazil. Biological Conservation, 149(1), 16-22.
  3. BirdLife International (2018) Species factsheet: Sporophila nigricollis. Henta frå http://www.birdlife.org den 16. januar 2018

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Gulbukfrøetar