Opna hovudmenyen

UtsjånadEndra

Sporvehauken er 28-38 cm og 110-340 g. Han har lang hale med 4-5 mørke tverrband og breie, avrunda venger. Hoa er størst. Ho er brungrå på oversida og tverrstripa brun på undersida. Hannen er grå på oversida og tverrstripa oransjeraud under.

Fuglen flyg med nokre få raske vengeslag som vert avløyst av glideflukt.

UtbreiingEndra

Sporvehauken finst i det meste av Europa og søraustover til det nordlege Iran. Andre underartar finst i Nord-Afrika og Asia.

Førekomst i NoregEndra

Fuglen hekkar i skogområde over heile landet, men er fåtalig nord for Saltdalen. I kystområda kan fuglen hekke heilt ut i dei ytste skogplantingane. Sporvehauken hekkar helst i tett skog, gjerne i yngre plantefelt av gran og furu. Han er også påvist som hekkefugl opp i fjellbjørkeskogen. I hekketida held sporvehauken seg til skogområda, medan han på hausten og vinteren vert observert jaktande opp til fjells og i byområde, gjerne ved fuglebrett.

LevesettEndra

 
Sporvehauk
 
Accipiter nisus

Sporvehauken er ein rovfugl som mest jaktar på fuglar, men han tek òg smågnagarar.

Hoa legg 4-5 egg i mai og rugar dei i 40 dagar. Ungane vert flygedyktige etter 25-30 dagar.

Sporvehauken er ein trekkfugl som kjem i mars-april og reiser til område lenger sør i Europa, spesielt Danmark, Frankrike og Storbritannia, i september-oktober. Mange overvintrar i kyststrøk og ved byar og tettstadar.

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sporvehauk