Sporvognstrafikk i Vest-Europa

Ei sporvogn på eigen trasé i Bilbao, Spania

Noreg endre

Sjå artiklane om Sporvogn i Oslo, Gråkallbanen og Bybanen i Bergen.

Danmark endre

I Danmark er all sporvognsdrift avslutta. I Odense stogga trafikken 30. juni 1952, i Aarhus 7. november 1971 og i København 22. april 1972. Vognene frå København blei seld til Alexandria og går enno.

Sverige endre

 
Line 3 mot Klockaretorpet ved Söder Tull i Norrköping

Göteborg har tolv sporvognsliner og driv både utviding og modernisering av det eksisterande netet.

Norrköping har to liner. Ei utviding i søraust er under bygging, den første halvdelen av utvidinga vil opna på hausten 2010.

I Stockholm finst forstadsbanane 'Nockebybanan og Tvärbanan samt Lindingöbanan, som fram til 2008 var klassifisert ikkje som sporveg men som jarnbane. I tillegg kjem museumssporvogna Djurgårdslinjen. Ei ny, sentral line, "Spårväg city", er (2009) under bygging og Tvärbanan vert forlenga i nord.

Malmö hadde sporvogn lenge, men har no berre ei museumsline om sumaren.

I Malmköping køyrer ein museumssporvogner på ei nedlagd jarnbaneline.

Finland endre

Tre byar i Finland har hatt sporvogn, Helsingfors, Viborg og Åbo. I Åbo vart trikken lagt ned i 1970-åra, men i Helsingfors lever han i beste velgåande.

Belgia, Nederland og Frankrike endre

I Nederland er det sporvogn i Amsterdam, Rotterdam og den Haag.

I Belgia er eit sporvognsliknande lokaltog, Kusttram, rekna som verdas lengste sporvognsline. Det går langsmed atlanterhavskysten, nesten frå Nederland til Frankrike. Dei ekte sporvognslinene i Antwerpen, Ghent og Brussel er alle populære.

Frankrike har fleire store byar med sporvogn: forstader til Paris, Lyon, Grenoble, Strasbourg, Nantes (det største nettet i Frankrike) og Bordeaux. Nettet i Bordeaux er spesielt med si nedgreve straumskinne. I Marseille blir det bygd eit heilt nytt system, etter planen er det ferdig hausten 2007.

Tyskland, Austerrike og Sveits endre

Storbritannia og Irland endre

 
Sporvogn, Luas, i Dublin

I Storbritannia vart trikkeliner lagt ned i stor skala i 1950-åra, og etter nedleggjinga av det store linenettet i Glasgow i 1962 var berre trikken i Blackpool att.


Sjå òg endre

For oversikt, sjå artikkelen om sporvogn.

Bakgrunnsstoff endre