Sint Maarten
(Omdirigert frå St. Maarten)
| |||||
Offisielle språk | Nederlandsk og engelsk | ||||
Hovudstad | Philipsburg | ||||
Styresett |
Konstitusjonelt monarki Willem-Alexander Eugene Holiday Marcel Gumbs | ||||
Status | Autonomt land | ||||
Autonomt land i Kongeriket Nederlanda | 10. oktober 2010 | ||||
Valuta | Antilliansk gylden | ||||
Tidssone | UTC -4 | ||||
Nasjonalsong | «O Sweet Saint Martin's Land» | ||||
Internasjonal telefonkode | +1 721 |
Sint Maarten er eit autonomt land i Kongeriket Nederlanda, som utgjer den sørlege delen av øya St. Martin. Den nordlege delen av øya er eit fransk oversjøisk område, Saint-Martin. Hovudstaden er Philipsburg, arealet er 34 km² og innbyggjartalet er 35 035 (2005).
I ei folkeavrøysting i 2000 gjekk 69,9 % av folket på Sint Maarten inn for å få status som eit eige land i union med Nederland innanfor Kongeriket Nederlanda. Dette skjedde den 10. oktober 2010, då Dei nederlandske antillane vart oppløyst som ei politisk eining.