Staņislavs Olijars

Staņislavs Olijars (fødd 22. mars 1979) er ein latvisk tidlegare friidrettsutøvar, fødd i Tsjeljabinsk i dåverande Sovjetunionen. Han tevla i 110 meter hekk og vart europameister i øvinga i 2006, og fekk sølv i EM 2002. Dessutan fekk han bronsemedaljar i 60 m hekk i innandørs-EM 2002 og innandørs-VM 2007.

Staņislavs Olijars


Statsborgarskap Latvia
Fødd 22. mars 1979 (45 år)
Tsjeljabinsk
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Aktiv endre

Olijars vart juniorverdsmeister på 110 meter hekk i 1998. Både under friidretts-EM 1998 i Budapest, VM 1999 i Sevilla og dei olympiske sommarleikane 2000 i Sydney rauk han ut or korthekk-tevlinga i semifinalane.

Våren 2002 vart Olijars nummer tre på 60 meter hekk i innandørs-EM i Wien. Seinare det året tok han sølvmedaljen på 110 m hekk under EM i München på glitrande 13,22 sekundar, einast verdsrekordhaldaren Colin Jackson sprang fortare. Den 13. juli 2003 gjorde Olijars sitt livs snøggaste løp på 110 meter hekk då han i eit stemne i Lausanne fekk notert 13,08 sekundar. I 2004 sprang han seg til finaleplass på korthekken under OL i Aten, sluttida hans på 13,21 sekundar heldt til ein femteplass.

Olijars største stund på friidrettsbana kom under EM i Göteborg 2006, der han vann gullmedaljen på tida 13,24, langt førr nestemann. I 2007 vart han bronsemedaljør i innandørs-VM i Valencia på 60 meter hekk, etter Liu Xiang og Allen Johnson.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre