Stamnes kyrkje
- Sjå òg Sandnessjøen kyrkje, som tidlegare het Stamnes kyrkje
Stamnes kyrkje står på Stamnes på nordsida ytst i Vikafjorden i Vaksdal kommune i Vestland fylke, og er ei langkyrkje frå 1861.
Stamnes kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Vaksdal | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Bjørgvin | ||
Prosti | Hardanger og Voss | ||
Sokn | Stamnes | ||
Fellesråd | Vaksdal | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Peter Høier Holtermann[1] | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 20. oktober 1861[1] | ||
• Endringar | Påbygd sakresti i 1961 | ||
Sitjeplassar | 250[2] | ||
Stamnes kyrkje 60°39′52″N 5°44′59″E / 60.6644°N 5.7496°E | |||
Wikimedia Commons: Stamnes kirke |
Kyrkja er teikna av Peter Høier Holtermann og er bygd i tre.
Tidlegare kyrkjer på Stamnes
endreStamnes har vore kyrkjestad sidan mellomalderen. Det tidlegaste ein finn Stamnes-kyrkja nemnd i kjeldene er frå 1328. Mellomalderkyrkja var mest truleg ei stavkyrkje, og ho vart avløyst av ei tømmerkyrkje tidleg på 1600-talet.[3] Tømmerkyrkja stod til ho vart avløyst av den noverande kyrkja i 1861. Grunnen til at dei bygde ny kyrkje i 1861 var at 1600-talskyrkja var vorte for lita.
Stamnes sokn
endreStamnes kyrkje er soknekyrkje i Stamnes sokn i Hardanger og Voss prosti. Stamnes sokn høyrde fram til og med 1868 til Haus prestegjeld i Nordhordland prosti. I 1869 vart Stamnes og Bruvik sokn skilde ut som Bruvik prestegjeld, som òg høyrde til Nordhordland prosti. I 1968 vart Vaksdal prestegjeld, som høyrde til Hardanger og Voss prosti, oppretta med sokna Stamnes, Dale, Eksingedalen og Vaksdal. Prestegjelda vart fasa ut frå Den norske kyrkja frå 2004.
Kjelder
endreFotnotar
endre- ↑ 1,0 1,1 «Norges Kirker: «Stamnes kyrkje» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforskning». Vitja 13. april 2009 / 1. august 2016
- ↑ Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Stamnes kyrkje», s. 359
- ↑ Norges Kirker: «Stamnes kyrkje - Bakgrunn» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforsking[daud lenkje]
Bakgrunnsstoff
endre- Om Stamnes sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket Arkivert 2009-03-22 ved Wayback Machine.
- Skanna kyrkjebøker frå Hordaland på nettstaden til Arkivverket
- Oversyn over gravminne i Vaksdal kommune på nettstaden disnorge.no
- Stamnes kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- «Stamnes kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.