Statens forureiningstilsyn

Statens forureiningstilsyn (SFT) er eit norsk direktorat som ligg under Miljøverndepartementet. Det skiftar frå 18. januar 2010 namn til Klima- og forureiningsdirektoratet.[1]

SFT arbeider for at forureining, skadelege produkt og avfall ikkje skal føre til helseskade, gå ut over trivnaden eller skade naturen si evne til produksjon og reproduksjon.

SFT har eit særleg ansvar for helse- og miljøfarlege kjemikaliar, avfall og gjenvinning, klimaendringar og å overvake forureingstilstanden i hav og vatn og luft samt støy.

SFT har ansvaret for å følgje opp forureiningsloven, produktkontrolloven og klimakvoteloven. SFT gir mellom anna utsleppsløyve og kontrollerer at løyva blir følgde. Ei anna sentral oppgåve for SFT er å gje Miljøverndepartementet råd og fagleg grunnlagsmateriale.

SFT blei oppretta i 1974 og har om lag 300 medarbeidarar. Hovudkontoret ligg på Helsfyr i Oslo, men SFT har også eit kontor i Skien.

SFT er sidan 1. januar 2007 leia av direktør Ellen Hambro.

Organisasjon endre

Avdeling for kjemikaliar og lokalmiljø
Avdeling for klima og næringsliv
Avdeling for tilsyn og vatn
Avdeling for organisasjon og informasjon

Fotnotar endre


Bakgrunnsstoff endre