Arne Øien
Arne Øien (22. desember 1928–5. oktober 1998), fødd i Oslo, var ein norsk økonom og politikar for Arbeidarpartiet.
Arne Øien | |
Fødd | 22. desember 1928 Oslo |
---|---|
Død | 5. oktober 1998 (69 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Arbeidarpartiet |
Yrke | samfunnsøkonom, politikar |
Alle verv |
|
Arne Øien var statsråd i olje- og energidepartementet (olje- og energiminister) i perioden 9. mai 1986 til 16. oktober 1989 i Gro Harlem Brundtland si andre regjering.
Han var statssekretær ved statsministeren sitt kontor i 1981, i Gro Harlem Brundtland si første regjering.
Utdanning og yrkeskarriere Endra
Arne Øien vart utdanna som cand.oecon. i 1954. Han arbeidde i Statistisk sentralbyrå frå 1955 til 1970, og vart tilsett som ekspedisjonssjef i Finansdepartementet frå 1971. Denne jobben hadde han til 1978 då han vart økonomisk rådgjevar for finansministeren. Frå 1980 til 1990 var han direktør for Statistisk sentralbyrå. Han vart så finansråd i Finansdepartement 1990 til 1995.
Øien var styremedlem i Arbeiderbladet frå 1981 til 1986 og i Oslo Sporveier frå 1996 til han døydde.
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «Arne Øien» frå Wikipedia på engelsk, den 20. februar 2009.