Stefan Heggelund

norsk politikar

Stefan Magnus Brittmark Heggelund (fødd 8. oktober 1984 i Oslo) er ein norsk politikar for Høgre. Han har vore innvald på Stortinget frå Oslo sidan 2013. Her er han medlem i arbeids- og sosialkomitéen.

Stefan Heggelund

Stefan Heggelund i 2013
Foto: Kjetil Ree
Fødd8. oktober 1984 (39 år)
Lørenskog
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, kommunikasjonsrådgiver
Utdanna vedHandelshøyskolen BI
EktefelleHadia Tajik, Jorunn Hallaråker Heggelund
MedlemSosialistisk Ungdom
Unge Høgre
Alle verv

Heggelund meldte seg inn i Unge Høgre i 1999. Politisk reknar han seg sjølv som liberalkonservativ.[1] Han var leiar i Vestre Aker Unge Høgre 2002–2004 og leiar i Oslo Unge Høgre 2005–2006.[2] Heggelund blei kåra til vinnar av Unge Høgres fremste skulering, Elitekurset, i 2004.[3] Vidare var han medlem av Unge Høgres sentralstyre 2006–2010; 2. nestleiar 2007–2010. I 2010 tapte han kampen om leiarvervet i organisasjonen mot Henrik Asheim. Han var byrådssekretær for byråd Merete Agerbak-Jensen i Oslo i 2007 og 2009.

Heggelund blei innvald i Oslo bystyre i 2011, og fekk plass i kultur- og utdanningskomiteen.[4] Vinteren 2012 blei han nominert som Høgres 6. kandidat til Stortinget frå Oslo, og blei innvald ved valet hausten same året.[5]

Han har studiekompetanse frå Hartvig Nissens skole og studiar i informasjon og samfunnskontakt (PR) og kommunikasjonsleiing frå Handelshøyskolen BI. Han var kommunikasjonsrådgjevar i JKL Group AS 2009–2011 og Nordic Choice Hotels AS 2011–2013. I 2012 blei han kåra til eit av landets største kommunikasjonstalent av Dagens Næringsliv.[6]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Solvik, Bjørn Magne (9. september 2011). «Kandidaten 2011: Stefan Heggelund». Liberaleren. Henta 23. september 2012. 
  2. «Stefan M. B. Heggelund». Høyre. Arkivert frå originalen 3. juli 2013. Henta 24. september 2012. 
  3. Lehre, Lasse (2010). Elitekurset gjennom 50 år. Oslo: Unge Høyres Landsforbund. 
  4. «Stefan Heggelund». Oslo bystyre. Henta 9. oktober 2013. 
  5. NTB (11. februar 2013). «Søreide på topp i Oslo Høyre». Verdes Gang. Henta 13. februar 2013. 
  6. Halvorsen, Anne Gunn; Aartun, Jorun Sofie F. (23. mars 2012). «Norges største kommunikasjonstalenter». Dagens Næringsliv. Henta 23. september 2012. 

Bakgrunnsstoff endre