Hadia Tajik

norsk politikar

Hadia Tajik (fødd 18. juli 1983) er ein politikar frå Arbeidarpartiet som var kulturministar i regjeringa Stoltenberg II. Ho vart vald inn på Stortinget frå Oslo i 2009 og igjen i 2013.

Hadia Tajik

Fødd18. juli 1983 (40 år)
Bjørheimsbygd
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkejurist, politikar, journalist
Utdanna vedDet juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo
Kingston University
Universitetet i Stavanger
EktefelleStefan Heggelund, Kristian Skard
Alle verv

Bakgrunn endre

Hadi Tajik er fødd i Strand i Rogaland av pakistanskfødde foreldre. Ho voks opp i Bjørheimsbygd i Strand. Tajik har ein ein bachelorgrad i journalistikk frå den dåverande Høgskolen i Stavanger, mastergrad i menneskerettar frå Kingston University i England og mastergrad i Rettsvitskap frå Universitetet i Oslo. Ho har arbeidd som journalist i mellom anna Aftenposten, VG og Dagbladet, og har skrive kommentarartiklar i Morgenbladet og Stavanger Aftenblad.

I 2001 var Tajik redaktør for tekstsamlinga Svart på Hvitt, av ungdommar med innvandrarbakgrunn om det å ha innvandrarbakgrunn i Noreg.

Politisk karriere endre

 
Hadia Tajik under landsmøtet til Arbeidarpartiet 2009

Tajik vart tilsett i Arbeids- og inkluderingsdepartementet 1. desember 2006 som politisk rådgjevar for dåverande statsråd Bjarne Håkon Hanssen. Sidan den gongen har ho hatt eit lengre vikariat som politisk rådgjevar for statsminister Jens Stoltenberg, som den yngste ved Statsministerens kontor nokon gong, mens politisk rådgjevar Mina Gerhardsen var i permisjon. Tajik var fem månader yngre enn Terje Osmundsen frå Høgre var, då han vart utnemnd til rådgjevar for dåverande statsminister Kåre Willoch. Tajik vikarierte også for Eirik Øwre Thorshaug, som er politisk rådgjevar for justisminister Knut Storberget, då Thorshaug hadde eit halvt års permisjon. I april 2009 var Tajik tilbake i Arbeids- og inkluderingsdepartementet, som politisk rådgjevar for sin fjerde statsråd i den raudgrøne regjeringa, Dag Terje Andersen.

Nominasjonskomiteen i Oslo Arbeidarparti foreslo 14. oktober 2008 å innstille Tajik til sjetteplassen på Arbeidarpartiets liste til stortingsvalet 2009. Ho erstatta Saera Khan, som hadde trekt seg få dagar tidlegare. 19. oktober 2008 vart Tajik vald inn i sentralstyret til Arbeidaranes Ungdomsfylking. Ho har tidlegare vore politisk nestleiar i AUF i Rogaland.

Tajik markerte seg tidleg i valkampen 2009 som ein flittig brukar av sosiale media og videohistorier på internett under valkampen. Ho vart vald inn på Stortinget, ettersom Arbeidarpartiet vann seks mandat i Oslo, og er medlem av Stortingets kyrkje-, utdannings- og forskingskomité.

Ho vart 21. september 2012 innsett som ny kulturminister av statsminister Jens Stoltenberg. Ho var då 29 år og den til då yngste som nokon gong hadde vore minister i ei norsk regjering, og den første med muslimsk bakgrunn.[1]

Kjelder endre

  1. Dette er den nye kulturministeren - Hadia Tajik Aftenposten, 21. september 2012

Bakgrunnsstoff endre

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Hadia Tajik