Stefania Liberakakis

gresk-nederlandsk songar

Stefania Liberakakis (fødd 17. desember 2002 i Utrecht), kjend som berre Stefania, er ein gresk-nederlandsk songar, skodespelar, stemmeskodespelar og youtuber. Liberakakis representerte Hellas i Eurovision Song Contest 2021 med songen «Last Dance» og enda på ein tiendeplass.[1]

Stefania Liberakakis

Fødd17. desember 2002 (21 år)
FødestadUtrecht
Fødenamngresk Στεφανία Λυμπερακάκη
OpphavKongeriket Nederlanda, Hellas
Aktiv2013–
Sjangerpop
Instrumentvokal
Verka somskodespelar, songar, youtubar, fjernsynsprodusent

Liberakakis er tidlegare medlem av jentegruppa Kisses som representerte Nederland i Junior Eurovision Song Contest 2016. Ho spelte òg i den nederlandske tv-serien Brugklas. Ho skulle ha representert Hellas i Eurovision Song Contest 2020 med songen «Superg!rl», men tevlinga vart avlyst for å hindre spreiing av koronaviruset.

Bakgrunn endre

Tidleg karriere endre

I 2013 var Liberakakis ein av deltakarane i den tredje sesongen av nederlandske The Voice Kids. Ho vart ein del av laget til songaren Marco Borsato etter blind audition-runden, men vart slått ut av tevlinga i utslagsrundane. Etter dette song ho to år i barnekoret Kinderen voor Kinderen.[2]

I 2016 prøvesong Liberakakis for songtevlinga Junior Songfestival, den nederlandske nasjonale finalen til Junior Eurovision Song Contest. Ho vart sidan vald internt til å representere Nederland i Junior Eurovision Song Contest 2016 i Valletta, som ein del av jentegruppa Kisses. Gruppa opptredde med songen «Kisses and Dancin'» og enda på ein åttandeplass blant 17 deltakarar.[2][3]

2017–2019: Solokarriere og skodespel endre

I 2018 gav Liberakakis ut sin første solosingel, «Stupid Reasons». Året etter kom tre nye singlar: «Wonder», «I'm Sorry (Whoops!)» og «Turn Around». I juni 2019 opptredde ho under den greske musikkprisutdelinga MAD Video Music Awards. Der song ho ein coverversjon av songen «Con Calma», saman med artistane Konnie Metaxa og Ilenia Williams.[2]

Frå 2018 har Liberakakis òg spelt rolla som Fenna i TV-serien Brugklas på nederlandsk fjernsyn. Ho spelte òg i dei nederlandske filmane Brugklas: Dei tijd van m'n leven, De Club van Lelijke Kinderen og 100% Coco New York.[2]

Eurovision Song Contest endre

Seint i 2019 vart Liberakakis nemnd som ein mogleg kandidat til å representere Hellas i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland. 3. februar 2020 stadfesta den greske kringkastaren ERT at Liberakakis var internt vald til å representere Hellas og etterfølgje 2019-deltakaren Katerine Duska.[4][3] Liberakakis skulle ha delteke med songen «Superg!rl» under den andre semifinalen torsdag 14. mai 2020 i Ahoy Rotterdam, men tevlinga vart avlyst for å hindre spreiinga av koronaviruset SARS-CoV-2.

Liberakakis representerte i staden Hellas i Eurovision Song Contest 2021 med låten «Last Dance».[5] Der nådde ho finalen etter å ha vorte blant dei ti beste i den andre semifinale torsdag 20. mai.[6] Til slutt vart ho nummer 10 av 26 i finalen.[7]

Kjeldar endre

  1. «🇬🇷 ΕΛΛΑΔΑ: Η ΕΡΤ θέλει τη Στεφανία και για τη Eurovision 2021!» (på gresk). 18. mars 2020. Henta 20. mars 2020. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Stefania» (på nederlandsk). Henta 18. januar 2020. 
  3. 3,0 3,1 «Stefania to sing 'SUPERG!RL' for Greece at Eurovision 2020». 3. februar 2020. Henta 3. februar 2020. 
  4. Kevorkian, Krikor (28. desember 2019). «🇬🇷 ΕΛΛΑΔΑ: Σχεδόν επίσημο: Η Stefania στο Rotterdam με pop κομμάτι!» (på gresk). Henta 18. januar 2020. 
  5. «Greece: Stefania will sing "Last Dance" at Eurovision 2021» (på engelsk). 7. januar 2021. Henta 20. januar 2021. 
  6. «Eurovision 2021 Semi-final 2 Results». Henta 22. mai 2021. 
  7. «Stefania - Greece - Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 5. september 2021.