Junior Eurovision Song Contest 2016

Junior Eurovision Song Contest 2016 (JESC 2016) var den 14. gongen Junior Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Mediterranean Conference Centre i VallettaMalta[1]. Finalen fann stad 20. november 2016[1].

Junior Eurovision Song Contest 2016
Embrace
Dato
Finalen 20. november 2016[1]
Vertskap
Stad Mediterranean Conference Centre i VallettaMalta[1]
Programleiar Ben Camille
Valerie Vella[2]
Deltakarar
Deltakarland 17[3]
Attende Israel
Kypros
Polen
Trekte seg Montenegro
San Marino
Slovenia
Kart

Vinnar
Land Georgia
Song «Mzeo»
Artist Mariam Mamadashvili
Junior Eurovision Song Contest
Junior Eurovision Song Contest 2015 Junior Eurovision Song Contest 2017

Sytten land tevla i Junior Eurovision Song Contest 2016.[3] Israel, Kypros og Polen venda tilbake til konkurransen, etter høvevis tre, eitt og tolv år vekke frå tevlinga.[3][4][5]

Georgia vann tevlinga for tredje gong, med songen «Mzeo», sungen av Mariam Mamadashvili.[6]

Format

endre

Programleiarar

endre

28. oktober 2016 vart Valerie Vella og Ben Camille presentert som programleiarar for Junior Eurovision Song Contest 2016. Vella er kjend på Malta som programleiar, og har tidlegare vore programleder under Malta sine nasjonale finalar til Eurovision Song Contest i 2002, 2009 og 2011. Ho har også vore kommentator i Eurovision Song Contest i 2009 og 2010, i tillegg til Junior Eurovision Song Contest frå 2004 til 2009. Ved Eurovision Song Contest 2000 og 2005 las ho opp poenga gjevne frå Malta. Camille er også kjend som programleiar og som skodespelar på Malta og er kjend for å ha spelt i den maltesiske TV-serien Strada Stretta. Han leia Malta Eurovision Song Contest 2016 og las opp Malta sine jurypoeng i Eurovision Song Contest same år.

Nytt røystesystem

endre

Under pressekonferansen for Junior Eurovision Song Contest 2016, som vart halden i Stockholm, annonserte styregruppa at det ville vere ei rekkje forandringar i samband med avrøystinga i Junior Eurovision Song Contest. Tidligare hadde poenga vore gjeven basert på ein kombinasjon av 50 % nasjonale juryrøystar og 50 % sjåarrøyster frå kvart land, i tillegg til eit ekstra sett med poeng gjevne av ein «barnejury». Den nye avrøystingsprossessen ville vere ei tilpassing av det nye systemet, som vart innført i Eurovision Song Contest same år, men i staden for sjåarstemmar, som vart fjerna, ville barnejury verte nytta i kvart land. I 2016, ville 1-8, 10 og 12 poeng verte tildelt basert på ein 50/50-kombinasjon frå vaksen- og barnejuryar frå kvart land, der poenga frå vaksenjuryen ville bli lesne opp av ein talsperson frå kvart land, medan poeng frå dei nasjonale barnejuryane ville verte samla og lesne opp av programleiarane. Dette førte til at sjåarane ikkje fekk røyste for fyrste gang i Junior Eurovision Song Contest si historie. I tillegg ville eit ekspertpanel frå den profesjonelle musikkindustrien gje tilbakemeldingar til alle artistane sine framføringer. Ekspertpanelet bestod av Christer Björkman, Mads Grimstad og Jedward, som deltok i Eurovision Song Contest 2011 og 2012. Også for fyrste gang siden 2005, vart 12 poeng som kvart land fekk i starten av avrøystinga fjerna. Dette vart innført i 2005 for å hindre at nokon fekk null poeng.

Deltakande land

endre
#[7] Land[3] Artist Song Språk Plass Poeng
01   Irland Zena Donnelly «Bríce ar Bhríce» Irsk og engelsk 10 122
02   Armenia Anahit og Mary «Tarber» Armensk og engelsk 2 232
03   Albania Klesta Qehaja «Besoj» Albansk og engelsk 13 38
04   Russland The Water of Life Project «Zjivaja voda» Russisk og engelsk 4 202
05   Malta Christina Magrin «Parachute» Engelsk 6 191
06   Bulgaria Lidija Ganeva «Vălsjeben den» Bulgarsk og engelsk 9 161
07   Makedonia Martija Stanojković «Love Will Lead Our Way» Makedonsk og engelsk 12 41
08   Polen Olivia Wieczorek «Nie zapomnij» Polsk og engelsk 11 60
09   Kviterussland Aljaksandr Minjonak «Muzyka moikh pobed» Russisk og engelsk 7 177
10   Ukraina Sofija Rol «Planet Craves for Love» Ukrainsk og engelsk 14 30
11   Italia Fiamma Boccia «Cara Mamma» Italiensk og engelsk 3 209
12   Serbia Dunja Jeličić «U la la la» Serbisk 17 14
13   Israel Shir & Tim «Follow My Heart» Hebraisk og engelsk 15 27
14   Australia Alexa Curtis «We Are» Engelsk 5 202
15   Nederland Kisses «Kisses and Dancin» Nederlandsk og engelsk 8 174
16   Kypros Giórgos Mikhailídis «Dance Floor» Gresk og engelsk 16 27
17   Georgia Mariam Mamadashvili «Mzeo» Georgisk 1 239

Røystegjeving

endre
██ Vaksenjury██ Barnejury Poenggjevande land og ekspertjury
Totalt                                   X1 X2 X3
Deltagere   Irland 122 1 1 12 3 10 12 6 8 3 4 5
8 1 10 7 2 7 8 1 6 2 5
  Armenia 232 4 7 10 8 10 10 2 12 10 4 7 7 8 8 5 10
7 6 10 7 12 8 12 5 10 10 5 6 4 8
  Albania 38 2 4 2 5 7 1 2 2
4 1 4 1 2 1
  Russland 202 7 6 4 1 8 7 7 4 2 5 5 2 3 4 3 7 10 12
8 3 2 10 12 6 10 8 6 12 6 10 3 7
  Malta 191 1 4 7 3 5 6 1 8 5 10 1 12 10 7 2 4
5 6 12 8 5 10 10 5 3 12 4 10 3 7 5
  Bulgaria 161 3 8 6 6 7 12 5 3 7 1 7 6 1 6 6 8 1
6 5 5 3 5 6 1 8 2 3 3 8 3 7 3
  Makedonia 41 2 2 1 3 2 5 2
7 1 2 2 3 8 1
  Polen 60 2 4 1 2 1 6 4 1 3
12 1 4 2 7 10
██ Vaksenjury██ Barnejury Poenggjevande land og ekspertjury
Totalt                                   X1 X2 X3
Deltagere   Kviterussland 177 8 7 12 5 10 3 5 12 10 10 8 2 12 6 2
8 12 8 6 5 7 5 7 7
  Ukraina 30 3 2 4 3 1 5
3 4 4 1
  Italia 209 10 1 8 5 6 12 6 4 6 2 7 8 5 4 10 12
10 1 10 2 12 7 7 12 6 5 7 8 4 8 4
  Serbia 14 5
3 3 1 2
  Israel 27 3 2 1 1
1 3 5 4 1 4 2
  Australia 202 5 5 10 6 8 4 1 10 6 7 8 4 12 3 7 7
12 2 7 8 6 2 8 1 4 7 6 4 12 10 10
  Nederland 174 6 10 5 8 7 7 4 3 3 8 4 4 6 3 6 10 4 3 8
4 7 6 6 1 4 10 2 12 1 12
  Kypros 27 2 8 5
2 2 5 3
  Georgia 239 12 12 12 10 3 12 8 12 12 3 10 8 6 12 12 5 1 6
3 10 4 4 5 3 3 12 8 2 12 5 12

12 poeng frå dei nasjonale vaksenjuryane

endre
Antall Land som fekk 12 poeng Land som gav 12 poeng
8   Georgia Albania, Armenia, Bulgaria, Irland, Kviterussland, Kypros, Nederland, Ukraina
2   Kviterussland Israel, Russland
  Irland Italia, Malta
1   Armenia Serbia
  Australia Georgia
  Bulgaria Polen
  Italia Makedonia
  Malta Australia

12 poeng frå dei nasjonale barnejuryane

endre
Antall Land som fekk 12 poeng Land som gav 12 poeng
3   Georgia Australia, Kypros, Ukraina
2   Armenia Bulgaria, Kviterussland
  Australia Irland, Nederland
  Italia Malta, Polen
  Malta Albania, Italia
  Nederland Georgia, Israel
  Russland Makedonia, Serbia
1   Kviterussland Russland
  Polen Armenia

Sjå òg

endre

Fotnotar

endre

Bakgrunnsstoff

endre