Sterke verb
Sterke verb er eit særmerke for germanske språk. Dei er kjenneteikna ved at dei markerer skifte i tid (og i somme språk tal) ved at rotvokalen vekslar etter eit avlydsmønster når dei vert bøygde, som t.d. bryte–braut–brote (nn), bryta–bröt–brutit (sv), break–broke–broken (en) eller brechen–brach–gebrochen (ty). Til gjengjeld kan dei mangle tradisjonell bøygningsending, slik vi finn i dei fleste svake verb.
Sterke verb i norsk språk
endreI nynorsk språk vert dei sterke verba bøygde i sju klassar. Her er berre ei infinitivsform og ei preteritumform medteken; merk at infinitiv valfritt kan ha a-ending (evt. kløyvd infinitiv) og at perfektum partisipp kan ende på -i. Som sideform kunne sterke verb ha endinga -er i presens før rettskrivingsreforma i 2012, da uttalt med tonelag 1.
kl. | infinitiv | presens (notid) | preteritum (fortid) | perfektum partisipp |
1. | bite | bit | beit | bite |
2. | bryte | bryt | braut | brote |
3a. | breste | brest | brast | broste |
3b. | finne | finn | fann | funne |
3c. | søkke | søkk | sokk | sokke |
4. | bere | ber | bar | bore |
5a. | lese | les | las | lese |
5b. | ete | et | åt | ete |
6. | fare | fer | for | fare |
7a. | blåse | blæs | bles | blåse |
7b. | få | får | fekk | fått |
I den fyrste landsmålsnormalen Ivar Aasen utarbeidde, kunne rotvokalen òg skifte i preteritum fleirtal. Restar av slik fleirtalsbøyging finst enno i Hallingmål.
Sjå òg:
endre- Svake verb
- Preterito-presentiske verb
- Ivar Aasen: Norsk Grammatik
- Kjell Venås Sterke verb i norske målføre. Morfologiske studiar, dr.avh., 1967
Kjelder:
endre- Første delen av denne artikkelen bygger på «Sterke verb» frå Wikipedia på svensk, den 18. november 2008.
- Olav T. Beito: Nynorsk grammatikk Det Norske Samlaget 1986 ISBN 82-521-2801-7