Opna hovudmenyen

Kjell Venås (30. november 19277. mars 2018) var dr.philos. i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo, med vekt på grammatikk, sosiolingvistikk og språk- og kulturhistorie. I 1972 vart han professor ved Universitetet i Oslo.

Kjell Venås
Fødd30. november 1927
Hemsedal
Død7. mars 2018
NasjonalitetNoreg
Yrkespråkforskar, professor, filolog
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Venås gjekk ut frå Volda offentlege lærarskule i 1954, tok artium ved Voss landsgymnas i 1956, og vart cand.philol. ved Universitetet i Oslo i 1960. Han vart dr.philos. i 1967 med avhandling Sterke verb i norske målføre. I 1966 vart Venås universitetslektor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo. Han arbeidde som dosent i 1970–72 og som professor i nordisk språkvitskap i 1972–97.

Dei tidlege verka til Venås, om sterke og linne verb i norsk, og om adjektivsuffikset -ga-, fell innanfor historisk språkvitskap, og er framleis standardreferanser om emna dei tek opp. Med boka Mål og miljø viste Venås at han også kunne orientere seg innanfor eit nytt fagfelt, og han var dermed med på å gje sosiolingvistikken eit teoretisk fundament innanfor nordiskfaget.

Tekstsamlinga Den fyrste morgonblånen, eit oversyn over norske tekstar frå dansketida, har gjeve opphav til ny interesse for norsk språkhistorie.

LitteraturEndra

  • Sterke verb i norske målføre. Morfologiske studiar, dr.avh., 1967
  • Adjektivsuffikset germansk -ga- i norrønt. Med eit tillegg om utviklinga i nyare mål, 1971
  • Linne verb i norske målføre. Morfologiske studiar, 1974
  • Hallingmålet, 1977
  • Mål og miljø. Innføring i sosiolingvistikk eller språksosiologi, 1982 (3. utg. 1991)
  • For Noreg og Ivar Aasen. Gustav Indrebø i arbeid og strid, 1984
  • Norske innsjønamn 3: Hedmark fylke, 1987
  • Norsk grammatikk. Nynorsk, 1990
  • Den fyrste morgonblånen. Tekster på norsk frå dansketida, 1990
  • Mål og med. Noregs Mållag i 1980-åra, 1991
  • I Aasens fotefar. Marius Hægstad, 1992
  • Då tida var fullkomen. Ivar Aasen, 1996
  • Norske innsjønamn 4: Telemark fylke, 2002
  • Sigurd Kolsrud, 2005


  • Mål og medvit. Heidersskrift til Kjell Venås på 60-årsdagen 30. november 1987, 1987
  • Målvitskap og målrøkt. Festskrift på 70-årsdagen 30. november 1997, 1997
  • Geirr Wiggen: «Skrivaren Kjell Venås – eit publikasjonshistorisk riss» I: Mål og makt nr. 4/1997, s. 36–47

KjelderEndra

  • Kjell Venås på Wikipedia på bokmål
  • Kjell Venås i Norsk biografisk leksikon