Steuart Smith
Steuart Smith (fødd 24. juni 1952) er ein amerikansk gitarist og multi-instrumentalist som har arbeidd med Eagles sidan 2001. Han vart henta inn i bandet då Don Felder fekk sparken. Smith spelar sologitar i lag med Joe Walsh, som på gitarsoloen på «Hotel California». I tillegg til å spele konsertar med Eagles, spelte han òg på Long Road Out of Eden.[1]
Steuart Smith | |||
| |||
Fødd | 24. juni 1952 (72 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Baltimore | ||
Opphav | Arlington i Virginia | ||
Sjanger | Rock, countryrock, softrock | ||
Instrument | gitar, vokal, bassgitar, klaverinstrument, mandolin | ||
Tilknytte artistar | Eagles, Michelle Branch | ||
Verka som | Musikar, produsent |
Smith har òg spelt i turnébandet til Don Henley, og stundom òg med Glenn Frey.
Smith har vore ein mykje nytta studiomusikar gjennom karrieren og han har arbeidd med John Stewart (Bullets in the Hour Glass) Mary Chapin Carpenter (Stones in the Road), Shawn Colvin (Fat City, A Few Small Repairs, Cover Girl[2]), Rodney Crowell, Rosanne Cash, Loudon Wainwright III, Vince Gill, Dolly Parton, Wynonna Judd, Trisha Yearwood, Suzzy Roche, The Cicadas[3], Terri Clark, Darden Smith, Lari White, Crystal Bernard, Chely Wright, Thrasher Shiver, Kasey Chambers, Karen Staley, J.C. Jones, Sonny Burgess, Brady Seals, Matt Duke, Michelle Branch, Lucy Wainwright Roche, Charlie Louvin og Root Boy Slim).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Steuart Smith» frå Wikipedia på engelsk, den 18. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Erlewine, Stephen Thomas (2007). «Long Road Out of Eden». allmusic.com. Henta 26. desember 2010.
- ↑ Cummings, Jon. «Shawn Colvin Models Others' Songs.» Billboard 106.28 (9 Jul 1994): 14, 18.
- ↑ Waddell, Ray. «Crowell Looks Back on 'Houston Kid.'» Billboard 113.6 (10 Feb 2001): 11, 14.