Rodney Crowell

Rodney Crowell (fødd 7. august 1950) er ein USA-amerikansk musikar, hovudsakleg kjend som countrysongar og låtskrivar. Crowell har hatt fem singlar på toppen av Hot Country Songs-lista i USA, alle frå albumet Diamonds & Dirt frå 1988. Han har òg skrive songar og produsert musikk for andre artistar.

Rodney Crowell
Rodney Crowell 1.jpg
Crowell på scenen på Whelan's i Dublin i januar 2009
Fødd7. august 1950 (70 år)
FødestadHouston i Texas
OpphavJacinto City i Texas i USA
AktivSidan 1972
SjangerCountry, americana, countryrock, folk
InstrumentVokal
gitar
Tilknytte artistarRosanne Cash, Steuart Smith, Emmylou Harris, The Cicadas, The Notorious Cherry Bombs, Los Super Seven, Nitty Gritty Dirt Band
PlateselskapWarner Bros., Columbia, MCA, Sugar Hill, Epic, Yep Roc, Vanguard, New West
Verka somSongar-låtskrivar, plateprodusent, artist, musikalsk leiar
Gift medClaudia Church, Rosanne Cash
PrisarAmericana Award for Duo/Group of the Year, Americana Award for Duo/Group of the Year, Americana Lifetime Achievement Award for Songwriting

Han var inspirert av låtskrivarane Guy Clark og Townes Van Zandt. Crowell spelte gitar og song i tre år i bandet til Emmylou Harris, «Hot Band».

Han har vunne to Grammyprisar, ein i 1990 for beste countrysong med «After All This Time» og ein i 2014 for beste americanaalbum medOld Yellow Moon.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Rodney Crowell