Opna hovudmenyen
Stillehavsøsters
Stillehavsøsters
Stillehavsøsters
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Blautdyr Mollusca
Klasse: Muslingar Bivalvia
Underklasse: Pteriomorphia
Orden: Ostreida
Familie: Ostreidae
Slekt: Crassostrea
Art: Stillehavsøsters C. gigas
Vitskapleg namn
Crassostrea gigas

Stillehavsøsters (Crassostrea gigas)[1] er ein østersart som førekjem naturleg i Stillehavet, men òg finst spreidd til Atlanterhavet, utanfor kysten av Vest-Europa, omkring Storbritannia og nordover til Noreg.[2] Medan den europeiske flatøsteresen er freda, vert ein oppfordra til å ete Stillehavsøstersen.[3]

Stillehavsøsters blir også kalla japansk østers, gigasøsters og djuphavsøsters. Den opphavlege levestaden deira er den nordlege delen av Stillehavet frå Japan til Beringstredet.[4] Arten er blitt flytta til andre havområde for å bli dyrka der, og har mange stader etablert seg utanfor anlegga.[4][4] Produksjonen av stillehavsøsters i verden har auka kraftig, og dreier seg om fleire millionar tonn.[4]

I den sørlege delen av Nordsjøen og i det danske Vadehavet har det oppstått skjellbankar av stillehavsøsters som endrar det naturlige økosystemet.[4] Arten blei funnen for første gong i Noreg i 1980 utanfor Kragerø.[4] Frå 2007 er arten blitt observert fleire steder i Oslofjorden og langs kysten av Sørlandet og nordover til Hordaland.[4] Iføljge Artsdatabanken er stillehavsøsters ein invaderande art som er svartelista i Noreg, det vil seia uønska i norske farvatn.[4]

Stillehavsøsters kan bli frå 8 til opptil 40 cm.[4] Han skil seg frå vanleg østers (Ostrea edulis) ved forma og strukturen på skalet.[4] Østersen lever fastvaksen til underlaget, vanlegvis på stein eller muslingskal, frå like under fjøremålet til eit par meters djupne.[4]

TiltakEndra

I 2018 var det sett i gang eit pilotprosjekt rundt Oslofjorden der friviljuge skulle plukka med seg så mange stillehavsøsters dei kunne.[5]

HelseåtvaringarEndra

Østers kan gje sjukdomssmitte. Årsaka er at norovirus, som fører til omgangssjuke, kan renna ut i sjøen via kloakken og blir akkumulert i østersen. Folk som vil sanka stillehavsøsters og eta dei kan bruka blåskjelvarsel råd om skjel som finst på matportalen.[6]

ReferansarEndra

  1. «Stillehavsøsters». Artsdatabanken. Henta 24. juli 2018. 
  2. «Stillehavsøstersen sprer seg kraftig i Oslofjorden», forskning.no (på norsk), 26. mai 2017, henta 31. mai 2019 
  3. «Spis østers – men ta for all den den riktige», agderposten (på norsk), henta 31. mai 2019 
  4. 4,00 4,01 4,02 4,03 4,04 4,05 4,06 4,07 4,08 4,09 4,10 «Stillehavsøsters» i Store norske leksikon (fri gjenbruk av tekst)]
  5. Radio, Sveriges, «Kampen mot ostronen – fem ton plockade för hand - Nyheter (Ekot)», sverigesradio.se (på svensk), henta 31. mai 2019 
  6. Gulbr, Lars O.; sen (22. juli 2018), «Stillehavsøsters invaderer norskekysten: - Prøver å gi dem herpes», Dagbladet.no (på norsk), henta 31. mai 2019