Stjertbergkall

art av sporvefuglar
Stjertbergkall
Stjertbergkall
Stjertbergkall
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær trugaUtbreiinga av Stjertbergkall
Utbreiinga av Stjertbergkall
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Omnfuglar Furnariidae
Slekt: Bergkallar Cinclodes
Art: Stjertbergkall C. pabsti
Vitskapleg namn
Cinclodes pabsti

Stjertbergkall (Cinclodes pabsti) er ein sporvefugl i omnfuglfamilien som lever i søraustlege Brasil.

Stjertbergkallen er ein bergkall på 21–22 cm med relativt langt nebb. Undersida er lys gråbrun, oversida mørkare. Strupeområdet er lyst og han har ei markert lys augebrynstripe. Stjerten er lang og mørk brun. Lætet er ei langvarig trille som aukar i styrke.

Denne fuglen er endemisk for eit avgrensa og område i delstatane Santa Catarina og Rio Grande do Sul i sørlegste Brasil. Habitatet for arten er variert, nær vatn på opne område.

Arten er vurdert som nær truga, populasjonen er ikkje estimert, men er trudd å vere minkande. Habitatet blir øydelagt av skogplanting på grasmarker.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre