For ein annan plante kalla stolt henrik, sjå åkersvineblom.

Stolt henrik eller stolt-henrik (Blitum bonus-henricus), også kalla stolthenriksmelde og henriksspinat, er ei fleirårig urt i amarantfamilien. Planten har vore brukt til mat i fleire hundre år, men er i dag ofte rekna som ugras.

Stolt henrik
Stolt henrik
Stolt henrik
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Orden: Nellikordenen Caryophyllales
Familie: Amarantfamilien Amaranthaceae
Underfamilie: Meldefamilien Chenopodioideae
Stamme: Anserineae
Slekt: Stolthenrikslekta Blitum
Seksjon: Blitum
Art: Stolt henrik B. bonus-henricus
Vitskapleg namn
Blitum bonus-henricus
Botanisk skisse av planten.

Stolt henrik er i dag rekna til planteslekta Blitum, medan han tidlegare var rekna til meldeslekta Chenopodium. Planten blir 20–70 cm høg. Han har spydforma blad medan blomsterstanden er høg, smal og aksforma med lite prangande grøne blomar.

Artsnamnet bonus-henricus tyder 'gode Henrik' og er avleidd av tysk Guter Heinrich som viser til ei godsinna husånd og at planten er blitt nytta som dyremedisin. På fransk og engelsk er planten også kjend som 'gode kong Henrik' (Good King Henry/Harry, Chénopode du bon roi Henri), utan at det er klart kva som er opphavet til dette namnet.

Utbreiing

endre

Ein reknar med at stolt henrik stammar frå fjell nord for Middelhavet og mot Kaukasus. Han er blitt dyrka i store delar av Europa der han ofte veks forvilla. Ein finn han også nordaust i Nord-Amerika. I Noreg veks stolt henrik spreidd på Austlandet og nokre stader på Vestlandet. Han er rekna som nær truga i Noreg.

Stolt henrik kan brukast som spinatvekst, kokt eller steikt i rettar som supper eller omeletter, eller saman med potet eller bulgurkveite. Ein kan også eta frøa, som på den amerikanske slektningen quinoa. I Nordaust-Italia er han ein del av vår-retten pistic der han blir forvella og så steikt i olje med kvitlauk saman med ei rekkje andre planteslag.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Stolt henrik