Stop Stop Stop
Stop Stop Stop Singel av The Hollies frå albumet For Certain Because | ||
B-side |
«It's You» | |
---|---|---|
Utgjeve | 7. oktober 1966[1] | |
Innspelt | 20. juni & 17. august 1966, EMI Studios, London | |
Sjanger | Poprock, folkrock, psykedelisk pop | |
Lengd | 2:47 | |
Selskap | Parlophone | |
Låtskrivar(ar) | Allan Clarke, Tony Hicks, Graham Nash | |
Produsent | Ron Richards | |
The Hollies-kronologi | ||
«After the Fox» (September 1966) |
Stop Stop Stop | «On a Carousel» (Februar 1967)
|
«Stop Stop Stop» er ein song av den britiske popgruppa The Hollies[2] som var skriven av gruppemedlemmane Allan Clarke, Tony Hicks og Graham Nash. Songen vart omskriven av ein tidlegare song av gruppa. Han kom først ut på singel og seinare på albumet For Certain Because i Storbritannia.
Songen vart gjeven ut på singel av Parlophone i oktober 1966[3] og kom ut omtrent samstundes i USA av Imperial Records. Det var den siste singelen The Hollies gav ut det ret og han vart ein stor hit verda over. Singelen nådde Topp 10-lista i åtte land og gjekk heilt til topps i Canada og Sverige.[4]
Bakgrunn og innspeling
endre«Stop Stop Stop» var ei omskriving av songen «Come On Back», som kom ut som B-side til songen «We're Through» i september 1964. «Come On Back» var òg skriven av Clarke, Hicks og Nash, men då under pseudonymet L. Ransford, som dei tre brukte fram til 1966.[3]
«Stop Stop Stop» er kjend for å vere ein av få innspelingar av gruppa der Tony Hicks spelar banjo, og var den einaste songen med det instrumentet som vart spelt på konsertane til bandet.[5] Som dei fleste andre songane av gruppa, syng Clarke, Hicks og Nash ein trestemt vokal. Songen vart spelt inn i Abbey Road Studios i London i England og produsert av Ron Richards.
Salslister
endreListe (1966) | Plassering |
---|---|
Australia (Go-Set)[6] | 11 |
Canadian Top Singles[4] | 1 |
Tyskland (Media Control AG)[7] | 4 |
Nederland (Mega Single Top 100)[8] | 5 |
Noreg (VG-lista)[9] | 4 |
Sverige (Kvällstoppen)[10] | 4 |
UK Singles (Official Charts Company)[11] | 2 |
US Billboard Hot 100[12] | 7 |
Bakgrunnsstoff
endre- "Stop Stop Stop" på Discogs (liste over utgjevingar)
- Heile songteksten på MetroLyrics
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Stop Stop Stop» frå Wikipedia på engelsk, den 21. mars 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ The History of The Hollies: 24 Genuine Top Thirty Hits (Vinyl sleeve). The Hollies. EMI. 1975. Back cover. EMSP 650.
- ↑ Gilliland, John (1969). «Show 38 - The Rubberization of Soul: The great pop music renaissance. [Part 4]» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu.
- ↑ 3,0 3,1 Pidgeon, John (1990). «Hits in Harmony». The Marshall Cavendish Illustrated History of Popular Music. Vol. 6 (Reference utg.). Singapore: Marshall Cavendish. s. 605, 606. ISBN 1-85435-021-8.
- ↑ 4,0 4,1 «RPM 100» (PHP). RPM. Vol. 6 (No. 16). 19. desember 1966. Henta 21. mars 2018.
- ↑ Epic Anthology: From the Original Master Tapes (CD liner). The Hollies. United States: Epic Records. 1990. EGK 46161.
- ↑ «Go-Set Australian Charts –14. desember 1966». Pop Archives. Arkivert frå originalen 26. mars 2018. Henta 21. mars 2018.
- ↑ "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
- ↑ "Dutchcharts.nl – The Hollies – Stop Stop Stop" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
- ↑ "Norwegiancharts.com – The Hollies – Stop Stop Stop". VG-lista. Hung Medien.
- ↑ Hallberg, Eric (1993). Kvällstoppen i P3 (1st utg.). Sweden: Drift Musik. ISBN 91-630-2140-4.
- ↑ "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
- ↑ "Hollies?f=379&g=Singles The Hollies Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Hollies. Prometheus Global Media.