Stor kortvengjebukk
Stor kortvengjebukk | ||
| ||
Systematikk | ||
Rekkje: | Arthropoda | |
Underrekkje: | Hexapoda | |
Klasse: | Insecta | |
Orden: | Coleoptera | |
Familie: | Cerambycidae | |
Slekt: | Necydalis | |
Vitskapleg namn | ||
Necydalis major |
Stor kortvengjebukk (Necydalis major) er ei bille i trebukkfamilien. Han er Noregs einaste art i underfamilien Necydalinae, og finst her langs kysten frå Aust-Agder til Troms. Elles er han å finna i tempererte og kjølige skogar frå Europa til Kina og kanskje Japan.
Norsk raudliste reknar den store kortvengjebukken som nær trua (NT). Dette har å gjera med at det fort kan bli vanskeleg for arten å finna egna trevirke å legga egg i.
Levesett
endreStor kortvengjebukk legg egga sine i daudt trevirke av lauvtre, i Noreg særleg osp og bjørk. Særleg føretrekk han brannskadd virke i soleksponerte område. Dei kan forekomma både i ståande stammar og i stubbar, så lenge virket er relativt tørt, daud og noko rote.
Larvane borar seg djupt inn i tømmeret for å gnaga. Forpuppinga skjer i yteveden i juni, og dei vaksne billene vert klekt i juni-august. Utviklingstida tek tre år eller meir.
Det hender dei vitjar blomar, men dette skjer berre unnataksvis. Dei lever elles særs kort som vaksne, og kan vera vanskelege å observera.
Kjelder
endre- Norges Biller
- Artsdatabanken Arkivert 2010-07-23 ved Wayback Machine.