Stor skogfrue

planteart
Stor skogfrue

Status i verda: LC Livskraftig

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Cephalanthera
Art: C. damasonium
Vitskapleg namn
Cephalanthera damasonium
(Mill.) Druce
Økologi
Habitat: kalkrik skog
Utbreiing: Europa, vestlege og søraustlege Asia, nordvestlege Afrika

Stor skogfrue (Cephalanthera damasonium) er ei planteskogfrueslekta Cephalantheraorkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1][2] Arten finst ikke i Noreg.

Utsjånad

endre

Stor skogfrue liknar mykje på den nære slektningen kvit skogfrue, men kan bli noko større og har lengre og smalare blad.

Utbreiing

endre

Stor skogfrue er utbreidd i store delar av Europa og i nokre område i Asia og Nord-Afrika.[3] Både i Sverige (svensk namn stor skogslilja) og i Danmark (dansk namn hvidgul skovlilje) er arten rekna som sårbar (VU). I Sverige finst han berre på Gotland, og i Danmark har han nokre veksestader på Sjælland og Møn.[4][5]

Stor skogfrue (engelsk namn white helleborine) veks fleire stader sør i England, og er verna gjennom den britiske Handlingsplan for biodiversitet.[6] I den britiske raudlista har arten status som sårbar (VU),[7] likeeins lokalt for England.[8]

I Benelux er arten (nederlandsk namn bleek bosvogeltje, fransk namn céphalanthère blanchâtre) svært sjeldan i Nederland utanom i Limburg. Han er òg svært sjeldan og i tilbakegang i Flandern, der han berre finst i nordaust, men er noko vanlegare i Vallonia, mest i kalkområda i sør.[9][10] I den nederlandske raudlista er arten rekna som sterkt truga (EN, bedreigd),[11] I Belgia er han rekna som nær truga (NT, bijna in gevaar) i Flandern og sårbar (VU, vulnérable) i Vallonia.[12][13] I Luxembourg er han rekna som nær truga (NT).[14]

Hybridar

endre

Stor skogfrue kan danne hybridar med kvit skogfrue (Cephalanthera damasonium × longifolia eller Cephalanthera ×schulzei).[15] I Sverige er hybriden registrert på Gotland,[16] og på Dei britiske øyane i Hampshire og West Sussex.[17]

Referansar

endre
  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar stor skogfrue». Artsdatabanken. Henta 3. mars 2022. 
  2. «Artsdatabanken: Namnetre stor skogfrue». Artsdatabanken. Henta 3. mars 2022. 
  3. «PoWO: Cephalanthera damasonium». Plants of the World Online. Henta 3. mars 2022. 
  4. «Artfakta: Cephalanthera damasonium stor skogslilja». Artdatabanken. Henta 3. mars 2022. 
  5. «Naturbasen: Hvidgul Skovlilje Cephalanthera damasonium». Naturbasen. Henta 23. februar 2022. 
  6. «UK Biodiversity Action Plan» (PDF). Joint Nature Conservation Committee. 2007. Henta 9. mars 2022. 
  7. «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. Henta 9. mars 2022. 
  8. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 
  9. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Cephalanthera damasonium». FLORON. Henta 16. januar 2024. 
  10. «Verspreidingskaart: Bleek bosvogeltje – Cephalanthera damasonium». Waarnemingen.be. Henta 17. januar 2024. 
  11. «Rode Lijst Vaatplanten 2012» (PDF). FLORON. Henta 15. januar 2024. 
  12. «Rode Lijsten». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  13. «Liste des espèces wallonnes». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  14. «Red List of the vascular plants of Luxembourg». Musée national d’histoire naturelle Luxembourg. Henta 15. januar 2024. 
  15. «PoWO: Dactylorhiza × schulzei». Plants of the World Online. Henta 31. januar 2023. 
  16. «Artfakta: Cephalanthera damasonium × longifolia stor skogslilja × vit skogslilja». Artdatabanken. Henta 31. januar 2023. 
  17. Anne and Simon Harrap (2009). Orchids of Britain and Ireland (2. utg.). London: A & C Black. ISBN 978-1-408-10571-9. 

Bakgrunnsstoff

endre