Store studio er ei stor studiobygning knytt til Radiohuset på NRK Marienlyst i Oslo. Arbeidet med funkisbygget starta i 1938, og siden ferdigstillinga har bygget vore ein instutisjon i norsk kringkastingshistorie.

Store Studio i Oslo.

Ei rekkje velkjende radio- og fjernsynsprogram er spelte inn her, mellom anna dei norske finalene i Melodi Grand Prix i åra 196065 og 1969. I dag er Store Studio blitt for lite for moderne fleirkamera-produksjonar. I staden er Store Studio hovudkvarteret til Kringkastingsorkestret som held konsertar regelmessig i bygget. Men bygninga har no også blitt for lite for Kringkastingsorkestret, og NRK vurderer no nye lokale for orkestret.[1]

Bygget har også gitt namn til tv-programmet Store Studio med Per Sundnes og Anne Lindmo som programleiarar.

Fotnotar

endre
  1. Kaja Korsvold (6. mars 2016). «Kork må ha nytt Store Studio- blir trolig milliardutgift for NRK» (på norsk). Aftenposten.no. Henta 26. september 2016.