Opna hovudmenyen

Melodi Grand Prix 1969

Tiande utgåve av NRKs songtevling

Melodi Grand Prix 1969 var den tiande utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. NRK inviterte forfattarane av dei tidlegare vinnarsongane til å sende inn bidrag, og fem av dei tok imot invitasjonen. I tillegg heldt NRK ein open konkurranse der fem bidrag ble vald ut av totalt 418 innsendte. Finalen blei arrangert 1. mars 1969, og vinnarlåten blei «Oj, oj, oj, så glad jeg skal bli», sungen av Kirsti Sparboe og skriven av Arne Bendiksen. I den internasjonale finalen i Madrid kom låten på ein 16. og siste plass med 1 røyst. Dette var Noregs andre sisteplass i konkurransen.

Melodi Grand Prix 1969
Dato
Finale 1. mars 1968
Vertskap
Finale Store Studio, Oslo
Programleiar Janka Polanyi
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 5
Vinnar
Song «Oj, oj, oj, så glad jeg skal bli»
Artist Kirsti Sparboe
Resultat i Eurovision Song Contest 1969
Finalepoeng 1
Finaleplass 16.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 1968 EuroNoruega.svg Melodi Grand Prix 1970

SendingaEndra

NRK fekk inn 418 bidrag, og ein tremannsjury valde ut fem av dei til finalen. Juryen var musikarane Carsten Klouman, Terje Rypdal og Egil Kapstad.[1] I tillegg hadde NRK invitert dei tidlegare vinnarkomponistane til å bidra med låtar. Fem av dei sende inn, og dermed stilte ti melodiar i finalen – det høgaste talet til då.

Finalen blei halden laurdag 1. mars og var attende i Store Studio. For første gong var det ein kvinneleg programleiar, hallodama Janka Polanyi. I motsetnad til åra før, droppa NRK ordninga med å framføre bidraga i to versjonar, ein med lite orkester og ein med stort orkester. I staden blei songane framført av Kringkastingsorkestret under leiing av Øivind Bergh. Blant artistane var kjende namn som Lill-Babs, Inger Lise Rypdal under namnet Andersen, og Kirsti Sparboe, Elisabeth Granneman og fjorårsvinnar Odd Børre.

Ti distriktsjuryar røysta, og den klare vinnaren blei Arne Bendiksens «Oj, oj, oj, så glad jeg skal bli», framført av Kirsti Sparboe.

Pauseinnslaget var eit spesialnummer på rulleskøyter, framført av duoen The Hurricanes. Johnny Bergh hadde regien for sendinga.[2]

ResultatEndra

AvstemmingEndra

Ti juryar med fem medlemmar i kvar sat i ti byar rundt om i landet. Kvar medlem gav eitt poeng til favoritten sin. Juryane røysta som følgjer:

Nr. Tittel Vadsø Tromsø Bodø Trondheim Ålesund Bergen Stavanger Kristiansand Hamar Oslo Totalt
A «Friaren» 0 0 1 0 0 0 3 0 0 0 4
B «BM. Fordomsfri» 0 0 0 0 0 0 0 0 2 3 5
C «Oj, oj, oj, så glad jeg skal bli» 5 2 1 1 0 3 1 2 3 0 18
D «Eventyr» 0 0 0 0 0 0 0 0 0 1 1
E «Juksemaker Pipelort» 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0
F «Sangen om den flygende Hollender» 0 3 0 1 0 0 0 0 0 0 4
G «La meg sove» 0 0 1 0 0 2 1 0 0 1 5
H «Om du går på en strand» 0 0 0 0 0 0 0 2 0 0 2
I «Viddu ha tjangs» 0 0 1 1 0 0 0 0 0 0 2
J «Lena» 0 0 1 2 5 0 0 1 0 0 9

Det var eit mannsdominert panel som kåra vinnaren, berre 15 av de 50 dommarane var kvinner. Det var ein liten auke frå 1967, då det var 12 kvinnelege jurymedlemmar.[3]

Rabalderet etter finalenEndra

 
Det blei rabalder då Kirsti Sparboe vann med «Oj, oj, oj, så glad jeg skal bli».

Vinnarsongen skulle vise seg å sparke i gang ein diskusjon utan sidestykke i norsk grand prix-historie. Rett etter finalen blei Sparboe og låtskrivaren Arne Bendiksen invitert til Haagen Ringnes’ program Her og nå! på Centralteatret. I staden for gratulasjonar blei dei møtt av den danske universitetslektoren Erling Nielsen som utførte ein litterær analyse av teksten til vinnarlåten. Nielsen karakteriserte teksten som «nonsens og sludder» og konkluderte med at «det er ett stort lyspunkt i teksten, og det er 'oj, oj, oj'»[4]. Lettare paff prøvde Bendiksen å forsvare seg med at han verken var Ibsen eller Bjørnson.[5]

Seansen i Her og nå! førte til sjåarstorm mot NRK og sparka i gang eit stort oppgjer mellom den klassiske musikken og den folkelege popmusikken i Noreg. Fem dagar etter finalen fekk det legendariske debattprogrammet Åpen post samla dei såkalla åndssnobbane på den eine sida og popmusikarane på den andre. Rolv Wesenlund og Odd Eidem forsvarte popmusikken, på den andre sida sat lektor Erling Nielsen og pianisten Amalie Christie. Temperaturen blei høg i studio, og skjellsorda hagla mellom partane. Midt i programmet ringte Jens Bjørneboe inn og protesterte mot Nielsen, og Christie vekte oppsikt ved å kalle Bendiksen ein vampyr.[6][7][8] På førehand hadde også Einar Schanke laga ein Arne Nordheim-aktig song for å syne at kunstmusikk ikkje eigner seg i Melodi Grand Prix. Stykket blei framført av Elisabeth Granneman som ulte og kasta tallerkenar.

Dette førte igjen til at ein irritert Nordheim straks kontakta NRK og informerte at han ville lage eit eige verk for å motbevise Schanke og Granneman. Nordheim kalla slagermelodien sin for «Her og nå», og han blei framført av jazzsongaren Karin Krog i programmet Her og nå! laurdagen etter. Under framføringa skreik Krog ut ord som «svelt!», «gass!» og «fri!» akkompagnert av bilete av krig, forureining og sigarettreklamar.[9]

Også tv-sjåarane kasta seg inn i bruduljane, og lesarinnlegga strøymte inn til riksavisene dei neste vekene. Dei fleste støtta popmusikarane, noko som òg viste seg i hitlistene – vinnarmelodien blei ei landeplage og toppa VG-lista i fire veker.[10] Også andreplassen «Lena» blei ein stor slager i Noreg. Arne Bendiksen fekk mykje støtte frå folket og blei omfamna av ukjende på gata. Fleire skal ha nekta å reise på ferie til Danmark, i protest mot den danske universitetslektoren Erling Nielsen.[8]

Europas juryar var derimot ikkje like imponerte over «Oj, oj, oj, så glad jeg skal bli». Noregs bidrag enda sist og fekk berre 1 røyst – frå Sverige. Dette var Noregs andre sisteplass i konkurransen.

HendingarEndra

Før den internasjonale finalen vurderte fleire land, også dei nordiske, om dei skulle boikotte konkurransen. Grunnen var at finalen skulle haldast i Spania, som då var eit diktatur kontrollert av Francisco Franco. Boikotten blei ikkje noko av, og Noreg stilte på scena i Madrid.[11]

Dette året var første gong Noreg stilte med koristar i Eurovision Song Contest. Tidlegare hadde Noregs artistar stått aleine på scena, utan støtte frå eit bakgrunnskor.

FotnotarEndra

  1. «423 melodier kommet inn til Melodi Grand Prix». Verdens gang. 28. januar 1969. s. 30.
  2. Norsk rikskringkasting: Melodi Grand Prix 1969 – norsk finale (sendt 1. mars 1969)
  3. «Melodi Grand Prix 1967 – norsk finale». Norsk rikskringkasting. 25. februar 1967. 
  4. Norsk rikskringkasting: «De fem minst MGP-aktige episodene i MGP-historien»
  5. Norsk rikskringkasting: Her og nå (sendt 1. mars 1969)
  6. Norsk rikskringkasting: Åpen Post (sendt 6. mars 1969)
  7. Pedersen, Jostein: Absolutt Grand Prix, Volum 1
  8. 8,0 8,1 Johnson, Geir (1986). Norge i Melodi Grand Prix. Oslo: Atheneum. s. 117. ISBN 8273341232. 
  9. Norsk rikskringkasting «Her og nå!». Norsk rikskringkasting. 15. mars 1969. 
  10. VG-lista for «Oj, oj, oj, så glad jeg skal bli»: [1]
  11. Sæthre, Erik (21. februar 1969). «Janka Polanyi leder årets Melodi Grand Prix-finale». Verdens Gang. s. 30.