Storm av Victor Crone
«Storm» Song av Victor Crone | ||
Land | Estland | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 21. desember 2028 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 03:05 | |
Selskap | Star Management | |
Komponist | Stig Rästa, Victor Crone | |
Tekstforfattar | Stig Rästa, Victor Crone, Fred Krieger | |
Låtskrivar(ar) | Stig Rästa, Vallo Kikas, Victor Crone, Sebastian Lestapier, Fred Krieger |
---|
«Storm» er ein song med den svenske songaren Victor Crone. Han var det estiske bidraget til Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel. Ein av låtskrivarane til «Storm», Stig Rästa, skreiv òg dei estiske bidraga til Eurovision Song Contest i 2015 og 2016.
Om songen
endre«Storm» var eit av 24 bidrag i den estiske songtevlinga Eesti Laul 2019, arrangert av kringkastaren ERR. «Storm» kvalifiserte seg frå semifinalen 31. januar og vann seinare finalen 16. februar 2019 i Saku Suurhall i Tallinn. Gjennom sigeren vart «Storm» det estiske bidraget til Eurovison Song Contest.[1][2]
Eurovision Song Contest
endreI januar 2019 vart Estland trekt til å delta i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel tysdag 14. mai, og Estland hadde startnummer 14.[3] «Storm» enda blant dei ti beste i semifinalen og kvalifiserte seg til finalen laurdag 18. mai.[4] I finalen vart songen nummer 20 av 26 deltakarar.[5]
I Eurovision Song Contest stilte Crone med koristane Kaire Vilgats, Dagmar Oja, Kaido Põldma, Lars Gunnar Säfsund og låtskrivaren Stig Rästa.[6]
Listeplasseringar
endreListe (2019) | Høgaste
plassering |
---|---|
Estland (Singlid tipp-40)[7] | 3 |
Estland (Eesti lood tipp-40)[7] | 1 |
Litauen (AGATA)[8] | 56 |
Skottland (Official Charts Company)[9] | 56 |
Storbritannia (UK Download)[10] | 59 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[11] | 91 |
Sverige (Sverigetopplistan)[12] | 39 |
Kjelder
endre- ↑ «Victor Crone - Estonia — Tel Aviv 2019». Henta 7. mai 2019.
- ↑ «Victor Crone to sing 'Storm' for Estonia in Tel Aviv!». 16. februar 2019. Henta 7. mai 2019.
- ↑ «First Semi-Final of Tel Aviv 2019». EBU. Henta 7. mai 2019.
- ↑ «First Semi-Final: 10 acts qualify for Eurovision 2019 Grand Final». 14. mai 2019. Henta 15. mai 2019.
- ↑ «Grand Final of Tel Aviv 2019». EBU. mai 2019. Henta 26. mai 2019.
- ↑ «Algab uus eurolaulu ajastu: Eesti delegatsioon läks Eurovisioonile maksimumi võtma» (på estisk). 4. mai 2019. Henta 7. mai 2019.
- ↑ 7,0 7,1 «EESTI TIPP-40 MUUSIKAS: Ajalooline hetk – nublu on esikohalt kukutatud». 25. februar 2019. Henta 6. juni 2019.
- ↑ «Savaitės klausomiausi (TOP 100)» (på litauisk). AGATA. 24. mai 2019. Henta 3. desember 2019.
- ↑ «Official Scottish Singles Sales Chart Top 100 | Official Charts Company» (på engelsk). Henta 26. mai 2019.
- ↑ «Official Singles Downloads Chart Top 100 | Official Charts Company» (på engelsk). Henta 26. mai 2019.
- ↑ «Victor Crone - Storm - hitparade.ch». Henta 26. mai 2019.
- ↑ «Sverigetopplistan» (på svensk). Henta 26. mai 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Storm (Victor Crone-sang)» frå Wikipedia på bokmål, den 22. desember 2021.