Strandsnigel
blautdyrart
Strandsnigelen (Littorina littorea) er ein fjørelevande snigel. Dei finst hovudsakleg langs stein-, sand- eller gjørmestrender ved den atlantiske kysten, men også i brakkvatn og i små tidvasspyttar. Strandsniglar kan vera opp til 3,5 cm i høgda og har eit spiralforma skal.
Strandsnigel | |
Strandsnigel | |
Status | |
Status i Noreg: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Blautdyr Mollusca |
Underrekkje: | Conchifera |
Klasse: | Sniglar Gastropoda |
Orden: | Littorinimorpha |
Familie: | Littorinidae |
Slekt: | Littorina |
Art: | Strandsnigel L. littorea |
Vitskapleg namn | |
Littorina littorea |
Strandsniglar pustar med gjeller, og kjem seg rundt på ein slimvæta muskuløs fot. Dei er rasparar, med ei tunge som kan slipe som sandpapir. Dei lever av små algar, som dei skrapar av steinar eller sandkorn med tunga si.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) Strandsnigel hos Artsdatabanken
- (en) Strandsnigel – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Strandsnigel i Encyclopedia of Life
- (en) Strandsnigel i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Strandsnigel hos Dyntaxa
- (en) Strandsnigel hos ITIS
- (en) Strandsnigel hos NCBI
- (en) Kategori:Littorina littorea – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Littorina littorea – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Littorina littorea – detaljert informasjon på Wikispecies