Strilelandet er eit ikkje klårt definert område kring Bergen, nordvest i Hordaland fylke. Ein ofte nytta geografisk avgrensing er at Strilelandet omfattar kyst- og fjorddistrikta frå Selbjørnsfjorden og Bjørnefjorden i sør til Fensfjorden og grensa mot Ytre Sogn i nord, og frå skjergarden i vest til bygdene inst i fjordane mot aust, såleis at Strilelandet i det store og heile tilsvarar distrikta Nordhordland og Midhordland. Det er òg døme på at Stord og dei omliggjande øyene i sør vert tekne med i omgrepet, medan Hardanger og Voss i alle høve ikkje er med i Strilelandet.

Strilelandet ligg innanfor dei to gule grensene. Dette er om vi avgrensar strilen etter kor langt det er muleg å ro på ein dag. Den svarte yttergrensa omfattar vidare distrikta Nordhordland, Midthordland, Tysnes og Eivindvik.

I 1832 veit vi det var vanleg å rekna også Gulen i Ytre Sogn med til «Strilelandet». Då skreiv Henrik Wergeland det kjende diktet sitt «Eivindvig», der dei siste linjene går slik:

Brød af Steen og Aand af Striler
Dahl i Eivindvigen tvang.

Den mest brukte definisjonen er «der folk kan ro til Bergen på ein dag». Ut frå det faktum at heile noverande Lindås kommune iallfall var ein del av Strilelandet, kan ein då komma noko nærare ei klar avgrensing. Dersom ein ror i 3 knop i 10 timar, klarer ein å leggja bak seg om lag 55 km, eller altså 30 nautiske mil. Dette er ein relativt høg gjennomsnittsfart, og ein lang dag bak årene, men det må til for at ein skal kunna klara å ro til Bergen frå heilt nord på Lindåslandet. Likevel blir ikkje Fedje med etter denne definisjonen, heller ikkje dei aller nordlegaste øyane i Austrheim. Grensa vil då gå ein stad i Mofjorden før ein er heilt inne på Mo, ved Kallestadsundet bru før Stamnes, og mellom Vaksdal og Stanghelle. Ein del av Fusa blir med, rundt Strandvik, og Reksteren i Tysnes kommune. Heile Austevoll utanom Stolmen og vestlege Selbjørn er også ein del av «Strilelandet». I Fana, Åsane, Arna og Samnanger budde det «overlandsstrilar» eller «søtmjelksstrilar», der brukte dei heile eller delar av dagen til fots eller med hest på veg til byen. Den første bygrensa ved Stadsporten går ironisk nok slik at overklassestroket Kalfaret ligg på utsida. På Hedlo (Hellen), oppe i Hardbakkadalen og på Landås og vidare sørover var det strilebønder fram til om lag 1900. I dag er berre stadnamna att. Den indre gule grensa på kartet øvst til høgre illustrerer kor nær strilane budde for om lag hundre år sidan. På kartet omfattar Bergen det som var bykommunen frå 1837, med tillegg av områda Møhlenpris, Nygård og Kalfaret, som fram til 1877 hørte til Bergen landdistrikt, og områda Årstad, Sandviken og Gyldenpris, som alle var del av Bergen før utvidingane etter andre verdskrigen.

Nynorsk skulemål endre

Den ytre svarte streken omfattar resten av kommunane Austrheim, Vaksdal, Samnanger, Fusa, Tysnes og Austevoll, heile kommunane Modalen, Masfjorden og Fedje, og tidlegare Eivindvik prestegjeld i Gulen kommune. Dette blir Strilelandet om ein avgrensar det ut frå litt andre kriteria, og tar med heile distrikta Nordhordland og Midthordland, med tillegg av Eivindvik i Sogn og Tysnes i Sunnhordland. Det blå området er der i dag (2015) bergensk er den dominerande dialekten både blant vaksne og barn. I dette området blir det nesten utelukkande brukt bokmål i skule, kommunal forvaltning og næringsliv. Innanfor den svarte linja er bergensk klart dominant, i dei blå områda like utanfor streken held bergensk på å erobra terreng mot strilemålet i alle aldersgrupper. Strilelandet nærmast utanfor den svarte grensa blir av «nynorskfolket» (målrørsla) kalla «randsona», der har nynorsken dei siste tiåra gått sterkt tilbake som skulemål. Her blir bokmål brukt stadig meir, særleg i næringslivet. I resten av Strilelandet er nynorsken sin situasjon tryggare.

Stril endre

Stril vart av bergensarane brukt som ei nedlatande nemning på folket som bur på Strilelandet. Frå avisa Strilen kom med si første utgåve i 1961 og fram til i dag, har strilane tatt meir og meir over definisjonsmakta bak omgrepet. I dag kan det i mange samanhengar vera ei ære å verta kalla «ein ekte stril».

Kjelder endre