Stuart Alden «Stu» Cook (fødd 25. april 1945) er ein amerikansk bassgitarist, mest kjend som bassist i rockebandet Creedence Clearwater Revival.

Stu Cook
Stu Cook.jpg
Fødd25. april 1945 (74 år)
FødestadStanton
FødenamnStuart Alden Cook
OpphavUSA
Aktiv1961 til i dag
SjangerRock, roots-rock, countryrock, bluesrock, swamp-rock, southern rock, rock and roll
InstrumentBassgitar, gitar, piano, synging, kontrabass
Kjende instrumentFender Precision Bass
PlateselskapFuel 2000, Fantasy Records, Warner Bros. Records, Wounded Bird Records
Verka somMusikar, låtskrivar, produsent

KarriereEndra

I midten av 1970-åra gjekk Cook og tidlegare CCR-trommeslagar Doug Clifford inn i Don Harrison Band, som gav ut to album. I 1979 produserte Cook 15 songar av Roky Erickson and the Aliens, som kom ut i 1980 på to album med forskjellig rekkefølgje på songane, The Evil One og I Think Of Demons. Frå 1986 til 1991 var Cook medlem av countrybandet Southern Pacific. Cook og Clifford starta sidan bandet Creedence Clearwater Revisited i 1995.

DiskografiEndra

For meir om dette emnet, sjå diskografien til Creedence Clearwater Revival.

Med Don Harrison Band

  • 1976: The Don Harrison Band
  • 1977: Red Hot

Med Roky Erickson and The Aliens

  • 1980: Roky Erickson and the Aliens
  • 1981: The Evil One

Med Southern Pacific

  • 1986: Killbilly Hill
  • 1988: Zuma
  • 1990: County Line
  • 1991: Greatest Hits

Med Creedence Clearwater Revisited

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra