Sturnus

slekt av sporvefuglar

Sturnus er ei biologisk slekt av starar. Taksonomien for denne gruppa er kompleks, og det er monaleg variasjon mellom autoritetar i synet på kva artar som høyrer inn i denne slekta, og for artsgrenser innanfor Sturnus.

Sturnus
Stare Sturnus vulgaris faroeensis, bilete frå Mykines, Færøyane, mai 2008 Foto: Arne List
Stare Sturnus vulgaris faroeensis, bilete frå Mykines, Færøyane, mai 2008
Foto: Arne List
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Starefamilien Sturnidae
Slekt: Sturnus
Linnaeus, 1758

Silkestare og sotstare er asiatiske artar, stare og middelhavsstare er begge opphavleg europeiske. Den europeiske typearten og middelhavsstare er spesielt nært nærskylde, og dannar ei viss grad hybridar kor utbreiinga overlappar i sørvestlege Frankrike og nordaustlege Spania. Silkestare og sotstare er nært i slekt og kan høyre til Acridotheres eller si eiga slekt.[1] Arten stare frå Europa har blitt introdusert til Sør-Afrika, Nord-Amerika, Australia og New Zealand. Dei nordlege hekkeartane er heilt eller delvis trekkfuglar, og overvintrar i varmare strøk.

Silkestare, Sturnus sericeus

Sturnus-starar er artar som lever på bakken, dei rører seg bortetter ved å gå heller enn å hoppe. Dei hekkar inne i hòl i tre eller i bygningar. Dei er altetande og beitar stort sett på bakken, er spesialistar i å ta virvellause dyr like under overflata. Dette er tilrettelagt av tilpassingar i skalle og muskulatur, som gjer fuglane i stand til å søkje med opne nebb. Sistnemnde tilpassing har mogleggjort spreiinga av denne slekta frå fuktig tropisk Sør-Asia til kjøligare regionar i Europa og Asia.

Fjørdrakta i denne gruppa er variabel, men alle artane har velkjent, trekanta vengeform.

Artslista

endre

Sturnus-starar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011 [2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[3]

  • Silkestare, Sturnus sericeus, Red-billed Starling
  • Stare, Sturnus vulgaris, European Starling
  • Middelhavsstare, Sturnus unicolor, Spotless Starling
  • Sotstare, Sturnus cineraceus, White-cheeked Starling

Kjelder

endre
  • Første utgåve av denne artikkelen byggjer på «Sturnus» frå Wikipedia på engelsk, den 29. januar 2011, artikkelen gav følgjande referansar:
  • Feare, Chris & Craig, Adrian (1999): Starlings and Mynas. Princeton University Press. ISBN 0-7136-3961-X
  • Grimmett, Richard; Inskipp, Carol, Inskipp, Tim & Byers, Clive (1999): Birds of India, Pakistan, Nepal, Bangladesh, Bhutan, Sri Lanka, and the Maldives. Princeton University Press, Princeton, N.J.. ISBN 0-691-04910-6
  • Jønsson, Knud A. & Fjeldså, Jon (2006): A phylogenetic supertree of oscine passerine birds (Aves: Passeri). Zoologica Scripta 35(2): 149–186. doi::10.1111/j.1463-6409.2006.00221.x (HTML abstract)
  • Svensson, Lars; Zetterström, Dan; Mullarney, Killian & Grant, P. J. (1999): Collins bird guide. Harper & Collins, London. ISBN 0-00-219728-6
  • Zuccon, Dario; Cibois, Alice; Pasquet, Eric & Ericson, Per G.P. (2006): Nuclear and mitochondrial sequence data reveal the major lineages of starlings, mynas and related taxa. Molecular Phylogenetics and Evolution 41(2): 333-344. doi:10.1016/j.ympev.2006.05.007 (HTML abstract)

Fotnotar

endre
  1. Sjå Jønsson & Fjeldså (2006).
  2. Clements, J.F.; T. S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (august 2011), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 25. januar 2012 
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sturnus