Styltrer er kunstige forlengingar av føtene for å koma høgare opp og få betre utsyn.

Gjetarar på styltrer.
Ein postmann på styltrer.
Gjetarar i Landes i Frankrike på styltrer.
Styltrer er populære i samband med gateteater.

Styltrer er vanlegvis laga av tre eller metall. Høgda er ofte frå 20-30 cm til 3-4 meter, men det finst høgare stryltrer og verdsrekoden er på fleire titals meter.

Styltrer er fyrst og fremst kjent frå omreisande sirkus og som leiketøy for ungar, med dei har fleire stader i Europa vore nytta i samband med arbeid.

Bruk endre

Det er ikkje kjendt kvar eller til kva styltrer fyrst var nytta. Kanskje har dei vorte teke i bruk fleire plassar, uavhengig av kvarandre. Ein kjenner heller ikkje når dei fyrst vart tekne i bruk.

Forutan leik har styltrer vore nytta til mange ulike typar arbeid. I det flate landskapet i Landes i Gascogne i Frankrike har gjetarar nytta styltrer for å sjå sauene på lengre hald. Å gå på styltrer hadde òg den føremonen at gjetarane ikkje stakk seg på piggane til gulltornene som veks i området. Høgda på styltrene til gjetarane var frå 90 til 120 cm[1]. I Marokko og California har dei vore nytta for å plukka frukt.

Styltrer er populære innslag ved festlege høve og fleire stader i Europa, som til dømes i Nederland og i Nord-Spania vert dei nytta av danseoppvisningar. I Namur i Belgia har det vorte heldt stylteturneringar heilt frå 1400-talet[2].

I Vest-Afrika har styltrer vore i bruk i Togo, Benin, Mali, Ghana, Elfenbeinskysten, Senegal med fleire, men bruken har vore heilt forskjellig frå stad til stad. Hjå dogonarane i Mali vert dei nytta i spesielle seremoniar, der dei har ei stor symbolsk tyding, medan dei i Togo fyrst og fremst vert nytta i samband med festar og oppvisningar, der styltrer på to til fire meter er vanlege.

Styltrer vert òg nytta i Asia og Amerika. I Sør-Amerika ser det ut for at styltrer kan ha vorte importerte av folk som har arbeidd på sirkus i USA. I Bolivia, til dømes, tykkjest styltrer å ha ein stutt tradisjon.

Sjølv om styltrer har vore i bruk i samband med ymse typar arbeid er det i samband med sirkus og teater at dei har utvikla seg mest. Bruk av styltrer, og av og til forlenging av armane, har gjort det lett å skapa nye framtoningar. Mange gateteater har òg nytta seg av figurar på styltrer for å tiltrekkja seg merksemd.

Zoologi endre

Fuglar med lange føter har på fleire språk fått namn etter styltrer. På fransk vert ofte fuglar med lange føter, som stork, traner og hegre kalla oiseaux échassiers (styltrefuglar).

Kjelder endre

  1. Les échasses dans les Landes (styltegåarane i Landes).] (vitja 11/3-2008)
  2. *Les Echasseurs Namurois (styltegåarar i Namur). (vitja 11/3-2008)

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Styltrer