Lady av Styx
Lady Singel av Styx frå albumet Styx II | ||
B-side |
Children of the Land | |
---|---|---|
Utgjeve | 1973 | |
Innspelt | Seint 1972 | |
Sjanger | Progressiv rock | |
Lengd | 2:58 | |
Selskap | Wooden Nickel Records / RCA Records | |
Låtskrivar(ar) | Dennis DeYoung | |
Produsent | John Ryan | |
Styx-kronologi | ||
«Best Thing» (1972) |
Lady | «You Need Love» (1975)
|
«Lady» er ein song skriven og framført av rockebandet Styx frå 1973. Han vart først gjeven ut på Styx II og vart ein lokal hit i heimbyen deira Chicago, men gjekk ikkje i starten inn på dei nasjonale listene. Songen fekk ny suksess kort tid etter at Styx forlet Wooden Nickel Records til fordel for A&M Records i 1974 då han slo gjennom nasjonalt,[1] og klatra til slutt til sjetteplassen på Billboard Hot 100 i mars 1975. Powerballaden[2] vart seinare spelt inn på ny i 1995 for samleplata Greatest Hits på grunn av ein kontraktsstrid mellom A&M og Wooden Nickel.
Bakgrunn
endre«Lady» vart skriven av Dennis DeYoung for kona si, Suzanne Feusi, den første songen han skreiv til ho.[3]
Dette er den einaste songen frå dei fire Wooden Nickel-albuma deira som framleis vert spelt på konsertane deira.
Salslister
endre
Vekeslisterendre
|
Årslisterendre
|
Medverkande
endre- Dennis DeYoung - solovokal, klaverinstrument
- James Young - sologitar, korvokal
- John Curulewski - rytmegitar, korvokal
- Chuck Panozzo - bass
- John Panozzo - trommer
Lady '95
endreLady '95 Song av Styx frå albumet Styx: Greatest Hits | ||
Utgjeve | 1995 | |
Innspelt | 1995 | |
Sjanger | Hardrock, progressiv rock, Rock | |
Lengd | 3:05 | |
Selskap | A&M Records | |
Låtskrivar(ar) | Dennis DeYoung | |
---|---|---|
Produsent | Dennis DeYoung |
Lady '95 er ei nyinnspeling frå 1995 som Styx gjorde av songen frå 1973. Han vart spelt inn på ny på grunn av ein strid mellom plateselskapa A&M Records og Wooden Nickel Records. Denne versjonen finst berre på A&M-samlinga Styx: Greatest Hits, som songen vart spelt inn for.
Medverkande
endre- Dennis DeYoung - solovokal, klaverinstrument
- James Young - sologitar, korvokal
- Tommy Shaw - rytmegitar, korvokal
- Chuck Panozzo - bass
- Todd Sucherman - trommer
Andre media
endreSongen er blitt brukt i forskjellige TV-program, inkludert episodar av It's Always Sunny in Philadelphia, Freaks and Geeks, The Office og Still Standing. Han er òg blitt nytta i filmar som The Perfect Man, Old School og Underdog.
Homer Simpson, som Odyssevs, syng denne songen når han kryssar elva Styx i ein episode av The Simpsons.
Dennis DeYoung song songen med Hal Sparks i 2006 på TV-showet Celebrity Duets.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lady (Styx song)» frå Wikipedia på engelsk, den 3. juni 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Styx at the 2010 Great Jones County Fair Arkivert 2010-09-24 ved Wayback Machine.
- ↑ «The 40 Greatest Power Ballads».
- ↑ As stated by DeYoung on the 2004 album The Music of Styx--Live with Symphony Orchestra.
- ↑ «SA Charts 1965–March 1989». Henta 3. juni 2020.
- ↑ Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-1990 - ISBN 0-89820-089-X
- ↑ «Archived copy». Arkivert frå originalen 20. juni 2015. Henta 3. juni 2020.
- ↑ «Archived copy». Arkivert frå originalen 1. juni 2020. Henta 3. juni 2020.
- ↑ «Top 20 Hit Singles of 1975». Henta 2. september 2018.
- ↑ [1]
- ↑ «Archived copy». Arkivert frå originalen 22. oktober 2016. Henta 3. juni 2020.