Suizhou
Suizhou (kinesisk: 随州; pinyin: Suízhōu) er eit byprefektur nord i provinsen Hubei i det sentrale Kina, der det i nord og i aust grensar mot Henan-provinsen. Byprefekturet har eit areal på 9 636 km² og vel 2,16 millionar ibuarar i 2010.
Byprefekturet Suizhou omfattar bydistriktet (区 qū) Zhengdu og byfylket (市 shì) Guangshui.
Samferdsle
endreKinas riksveg 316 går gjennom området. Han fører frå Fuzhou i Fujian via Nanchang i provinsen Jiangxi og Wuhan i provinsen Hubei til Lanzhou i Gansu.
Suizhou er stoppestad på jarnbanen som trafikkerer mellom Hankou og Danjiangkou.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Suizhou» frå Wikipedia på engelsk, den 11. september 2012.