Opna hovudmenyen

Sula fyrstasjon

(Omdirigert frå Sula fyr)

Sula fyrstasjon er eit fyr som ligg ved fiskeværet Sula i Frøya kommune i Trøndelag.

Sula fyrstasjon
Sula fyr.JPG
Sula fyrstasjon
Foto: Banangraut
FylkeTrøndelag
KommuneFrøya
FunksjonKystfyr
Oppretta1793/1909
Koordinatar63°50.8485′N 8°27.1770′EKoordinatar: 63°50.8485′N 8°27.1770′E
Fyrtårn
Høgd13,0
FormFyrbygning med åttekanta tårn
ByggjematerialeBetong
Fyrlys
LyskarakterRundtlysande med tre blink kvart 30. sekund.
Lyshøgd45,0 moh
Lysvidde18,0 nm
Status
EigarStaten
Automatisert1974
Avfolka1974
VernestatusFreda etter lov om kulturminne
Sula fyrstasjon is located in Sør-Trøndelag
Plasseringa til Sula fyrstasjon

Fyrstasjonen er ein del av ei rekkje fyrstasjonar langs Trøndelagskysten i lag med Vingleia, Finnvær og Halten fyrstasjon. Det vart bygd to fyrtårn her i 1793 og 1804. Det noverande åttekanta tårnet i betong vart ført opp i 1909. Det vart då sett inn ei 2. ordens fransk lynblinklinse som framleis er i bruk.

I tillegg til fyrtårnet finst bustad, uthus, naust og landing. Fyret vart automatisert i 1974. Hausten 2005 vart fyret kjøpt av stiftinga Sula Fyr, som har restaurert stasjonen og leiger fyrbustaden ut til overnattingsgjester.

KlimaEndra

Meteorologisk institutt hadde ein vêrstasjon på Sula fyr frå desember 1932 til desember 1974. Denne vart flytta eit stykke bort frå fyret i 1975 og ligg i dag 5 meter over havet.

Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Temperatur (°C) 1,5 1,5 2,5 4,5 8,5 10,8 12,3 12,7 10,4 7,9 4,3 2,5 6,6
Nedbør (mm) 119 100 102 71 52 61 76 83 129 141 126 140 1200

Sjå ògEndra

KjelderEndra